Naturtrening:) Bakkeintervallar

Skulle vist legga ut dette innlegget i går eg, men den gang ei:P Har for tida byrja å like cardiotrening - og det går da
helst i geriljacardio. For å få enda meir utbytte av øktene, har eg lagt dei opp ute og i bakke - PUH!

Det er ingen hemmelegheit at me har ein fantastisk natur her i Årdal, og da burde jo me treningsfrelste absolutt nytta
oss av den, i staden for å bruka treningsstudioet heile sommaren. Er det sol ute så slår ein jo fleire fluger i ein smekk - 
trening, frisk luft og litt brunfarge:) Kan ikkje verte betre enn det vel?

På laurdag sleit eg meg opp til 9 sving i Fardalssvingane - under her er det bilde av litt av den ruta - opp til 7 sving.


Noko a la sånn går ruta opp til den 7 svingen. Var vanskelig å sjå skikkeleg pga alle trea - og enda meir vanskeleg
å få tatt eit skikkeleg bilde av svingane oppover, men de ser kva det går i:)

Mandag fant eg ut at eg skulle prøve meg opp til 12 svingen. Det enda med geriljacardio opp til 11 svingen (ved 10
blei plutselig strekningane mellom svingane mykje lengre), og eg gjekk opp til ein post som låg like forbi 15 sving.
Eg hadde egentleg gitt opp ved 13 svingen, men da såg eg nokon kom nedover og rekna med det ikkje var langt att.
Så fekk eg skrive meg inn i boka som bevis på at eg hadde vore oppe på Melheim:) SÅ STOLT:)


Her har eg tatt bilde fra 15 svingen - laaaangt nedi der er Øvre Årdal - der eg er på besøk hos mamsen, papsen og
voffen nett no:) 

For å oppsummere litt meir fra treningsveka....så nytta eg sjansen i går og tok 2 økter - ei styrkeøkt på dagen, og ei
cardioøkt på kvelden:) Må slå til no når eg har jobbfri og ekstra energi:) Tok eit stort skritt utanfor komfortsona mi også
- ved å trene i singlet i staden for tskjorte. IIIIIKKKK. Det gjekk heldigvis betre enn eg trudde!





Tenkte eg skulle få tatt bilde av favorittøvelsane mine denne veka og - så stay tuned!

Håpar alle har ein finfin dag - stor klem fra meg.  


  0 kommentarer på "Naturtrening:) Bakkeintervallar"


Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • Juni 2014
  • Mai 2014
  • April 2014
  • Mars 2014
  • Februar 2014
  • Januar 2014
  • Desember 2013
  • November 2013
  • Oktober 2013
  • September 2013
  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Mathjørnet
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Trening/livsstil
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits