Sidan sist.....
Lenge sidan eg har blogga skikkeleg - og no er vel tida kommen for å få bloggen skikkeleg oppe og gå att:) Eg skal nemleg
snart ut på eventyr, og da hadde det vore kjekt å hatt med seg nokon følgarar på bloggen:) Kva eg skal får de vite om litt
over ei veke! Så STAY TUNED!
Så, kva har skjedd sidan sist:
Eg har budd hos broremann dei to siste vekene. Midt på landet, med vakker natur og yrande dyreliv.
Eg har tatt turen innom Adam&Eva i Bergen, der juniorstylist Jonas forandra hårsveisen fra "Lykketroll"
til "Superstjerne". SÅ takknemleg og fornøyd - og gjett om eg skal tilbake:) (Usminka på bildet, men så lykkeleg!)
Eg har vore heime att i Årdal ein tur og kosa meg med voffen, tur, familie og gode venner:)
Eg har bestilt meg Toms sko fra Lille Vinkel:) Dei er nett no heime i Årdal på posten og ventar på at eg skal komme
og hente dei:)
Eg har prøvd å trena litt tross dårleg energi og kvardagsform. I går tok eg meg fri fra jobb og hadde ein fantastisk dag på
treningsfronten. Mage-rumpe-bein økt som susa - eg kom meg opp i 70 kg i knebøyg etter å ha starta på lusne 10 kg i
vinter. Synes det er bra når eg har ein menisk og bakre lårmuskel som ikkje heile tida samarbeidar. I tillegg tok eg meg
ei jogge- og intervalløkt seinare på kvelden!
Så har eg mål for kommande veka - såklart trene så mykje som mogleg - men for bloggen blir det å ta nye
headerbilde:) Reknar med det blir meir spennande å blogge med ein ny og frisk sommarheader.
Der var min historie for dei 2 siste vekene. Nokon som er klar for å følge meg på nye eventyr? Eg er vertfall superduper
klar! Klem fra Tingelingen:)
  0 kommentarer på "Sidan sist....."