Rudolf er ikkje raud på nasen lengre - treningsplanalert!

Tenkte eg skulle prøve å få opp igjen blogglysta mi. Eller det blir jo litt feil å sei, for eg har jo lyst til å blogge -
problemet ligger i at dagane er like, eg gjer ingenting spennande - og tida strekker ikkje til. Anyways, så må eg
nesten byrje ein plass, så da får eg starte med å legge ut det som eg er avhengig av fra veke til veke! TRENING! No
har det seg slik at eg jobbar i barnehage, og barn dreg med seg alle moglege slags basseluskar til ein kvar tid -
noko som er plent umogleg å kunne beskytte seg mot 100% av tida, uansett kor reinsleg ein er (spesielt i starten til ein
har opparbeida eit tøffare immunforsvar). Nok skravling - denne veka skal eg ta til igjen etter at eg 2 av dei 3 siste 
vekene har gått rundt som ein hypersnufsande Rudolf med hes, og sexy stemma og blitt fotfulgt av mine beste venner -
Otrivin og Kleenex! 

 

(Gi tilbakemelding om det er vanskeleg å lese skrifta i planen, så skal eg forandre til neste gang eg lagar):) 

 

Sidan det er tirsdag i dag, kan eg allereie tikke av handballtreninga eg var med på i går kveld:) Eg var litt med i starten,
så meldte eg meg frivillig til å stå i mål - noko mine blåe lår ikkje er så veldig takknemleg for i dag - men derimot er
lungene mine det. Hostekulene overtok resten av den lille kondisen eg hadde å skilta med - ergo var det greit å stå
litt i mål.

Sidan eg ikkje er 100% frisk enda, har eg lagt kondistreninga til helga. Eg har tenkt å teste ut litt ny treningsmetode
framover, at eg kun køyrer 2 dagar med kondis, i staden for kvar gong. Eg las nemleg på eit fitnessforum at det kunne
stagnere muskeloppbygginga å trene for mykje kondis, fordi kroppen er på ein måte innstilt på å kun trene ein ting om
gangen. Så da får eg prøve ut dette ein månads tid, og fungerar det dårleg, går eg tilbake til gamle planen min!

I tillegg har eg tenkt å bli flinkare på å bytte på å trene eksplosivt med tunge vekter, og "vanleg" styrketrening (veit ikkje
kva anna eg skal kalle det). No er det verkeleg hardkøyring fram mot sommaren. Eg har nemleg att ca 9 kg å gå ned
fram til midten av juni for å kunne nå eine delmålet mitt. Eg har ikkje så veldig trua på at eg skal klare det (sidan
stoffskiftet mitt likar å spele meg eit puss no og da,men i det siste har kg byrja å gi etter - så ein kan aldri vite).  

 

Sååå, fleire som har satt seg mål før sommaren - og likar de at eg legger ut slike innlegg som dette?

Klem fra ei stk motivert Irlin:)

 


  1 kommentarer på "Rudolf er ikkje raud på nasen lengre - treningsplanalert!"

Postet av: sjoks
Dette var jo kjempesmart! Eg er ein person som sjeldan gjennomfører noko utan ein god plan. Difor har eg korkje trent eller ete rett dei siste vekene. Dette tykte eg var eit inspirerande innlegg :-)
09.04.2014, 10:19
URL: http://sjoks.blogg.no
Postet av: Tingeling
sjoks: Så kjekt å få ein sånn kommentar, bra du fant det inspirerande. Planar er veldig greie å ha - dei gjere noko med samvittigheten:) Før hadde eg matplanar og, men no er eg så godt inni det, at eg ikkje treng å skrive matplanar lengre:)
10.04.2014, 00:17
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • April 2014
  • Mars 2014
  • Februar 2014
  • Januar 2014
  • Desember 2013
  • November 2013
  • Oktober 2013
  • September 2013
  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Mathjørnet
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Trening/livsstil
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits