Goodbye yesterday, hello tomorrow! (+Påsetting av naglar på vest)

Lenge sidan eg har skreve innlegg her no. Det har heilt enkelt og greit med å gjere at eg har hatt mykje
og lite å gjere på samme tid. Eg har jo ikkje jobba, så er ikkje det som har vore så travelt. Det som derimot
har teke mykje tid, er trening. I tillegg har eg fått meg jobb i Bergen, så har brukt tid på å skaffe hybel, og
pakke ned dei sakene eg skal ha med meg. Prøver så godt eg kan å ha med meg minst mogleg. Planen
er at eg og ei venninne skal dele hybel fra hausten av, og da kan eg heller ta med litt meir saker.  

Ellers byrjar eg allerede mandag i mitt første oppdrag for Top Temp Bemanning Bergen. Eg grugledar meg.
Kjempe spennande og ein lettelse at eg har fått meg jobb, men og litt skremmande sidan det er ei stund sidan
eg har satt min fot innanfor barnehagens 4 veggar. Har pakka med meg mykje bøker fra FØU studiet, så
kunnskapen skal for all del friskast opp att.  

Tenkte og at eg kunne vise fortsettelsen på #diy prosjektet eg har hatt gåande sidan i haust. Hugsar de kanskje
den olajakken eg gjorde om til ein vest og laga i ombre' stil? Viss ikkje kan du sjekke ut innlegget >her<. 
Eg bestilte masse masse naglar på eBay som eg hadde lyst å feste på vesten, dessverre kom berre 2 av 3
pakker - så den vart ikkje heilt slik eg hadde tenkt meg. Resultatet vart no ganske greit sjølv om eg ikkje
hadde alle naglane eg i utgangspunktet tenkte eg hadde.

Gledar meg veldig til å ta i bruk vesten:) Eg personleg synes den vart kjempestilig:) 

 

Så får eg runde av - må pakke ferdig siste rest. Mamma og pappa er så snille at dei køyrer meg til Bergen
med flyttelasset i morgon - så køyrer dei heimatte til Årdal når lasset er tømt. Lille Tini skal vere med på turen og:)

I kveld skal eg kose meg med dei beste av dei beste:) Må få hatt ein liten fest før eg flyttar. Så håpar eg
alle har ei fin fin helg:) 

 


  0 kommentarer på "Goodbye yesterday, hello tomorrow! (+Påsetting av naglar på vest)"


Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • Februar 2014
  • Januar 2014
  • Desember 2013
  • November 2013
  • Oktober 2013
  • September 2013
  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Mathjørnet
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Trening/livsstil
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits