Arbeidsløyse blant unge vs. dårlegare kvalitet i enkelte sektorar.

Høyrte på nyheitene torsdag at undersøkingar viser at det er større arbeidsløyse blant unge no enn
nokon sinne. I tillegg snakkar Erna om at dei med hol i CV'en skal få ein sjanse, og det er eg heilt enig
med, men kva med oss med bra utdanning da? Eg las på Ba.no på onsdag at barnehagane har aldri før fått
så mange fritak til å kunne bruke personar utan "riktig" utdanning i ein førskulelærarstilling. Korleis skal
me med førskulelærarutdanning få jobb da? (Ja, eg set det på spissen).  Dei jobbane som ikkje krever
gitt utdanning eller utdanning i det heile, får me ikkje, eller blir overkvalifiserte til! Eg har merka dette fleire gonger
det siste året da eg har søkt jobb i Bergen. Jobbane eg har søkt på har som oftast allerede blitt gitt bort
"innanfor huset" eller via kontaktar, utdanninga er det ikkje så nøye med.

 

 (Bilde tatt i barnehage i Beijing, Kina. Klassen min på førskulelærarlinja var i Beijing i ein måned, og på utplassering
i barnehage i ei veke. Her er eg og avdelingen "min" ute i parken og samlar blad - som dei seinare lærte seg meir om). 


Sett bort i fra at me blir sittande utan jobb, kva med kvalitetssikringa i forhold til ungane og deira kvardag?
Foreldra betalar for eit produkt, og det er ikkje billig å ha barn i barnehagen - skal dei då ikkje få det dei
betalar for? Ein kan sjå det på ein annan måte, la oss sei du betalar for å få ein iPhone, og i posten kjem
det ein gammal murstein av Motorola. Kva hadde du gjort da? Du hadde såklart klaga og returnert den, og
krevd å få det du betalar for! Skal det ikkje vere sånn i forhold til barna og da? Eg reknar med dei aller fleste foreldre
ønsker det beste for barna sine, og da bør dei stå opp og sette foten ned for at barna deira skal ha førskulelærarar
med pedagogisk utdanning.  

Det er ikkje med dette sagt at dei personane som ikkje har førskulelærarutdanning kan skape ein god kvardag
for barna, for eg veit om mange, utallige assistentar som er heilt fantastiske i det dei gjer. Det eg prøver
å få fram er at det blir mindre pedagogisk struktur og opplegg, det er lett å la det "skure og gå" og la dagane
bli som dei blir. Pedagogane er der for å skape ein god pedagogisk barnehagekvardag, god arena for barns
utvikling, og "plukke opp" barn som treng litt ekstra hjelp og evt andre ting som eg ikkje har tenkt å gå inn på. 

 


(Her er det leik på barnehagens uteområde. Kan nok ikkje vise ansiktet deira, men hadde eg kunna det, så 
hadde de fått sett alle fine smila som lyste opp mot meg mens me leika og hadde det kjekt).

Det er lett å fokusere på at foreldre må sette ned foten, men eg synes dei som jobbar i barnehagen, både 
assistentar, andre pedagogar - og SPESIELT leiaren må ta seg sjølv i nakken også, og tenke kvalitetssikring
framfor pengesparing når det kjem til førskulelærarstillingane. Tenk kreativt og finn andre løysingar å spare
pengar på, evt få inn meir pengar om det er det som er problemet. Dersom det er problem med å få tak i gode
førskulelærarar, så må de gjere dykk meir attraktive, vis dykk fram og appeller til oss førskulelærarar, slik at
me får lyst til å søke hos dykk. Ikkje det, eg søkte nyleg hos ein barnehage som framstilte seg som reine
drømmebarnehagen, men til sjuande og sist, fekk nokon utan passande utdanning jobben.

 


(Her har me frå Norge lært dei å danse "Boogie, boogie". Mykje trillande barnelatter og glede under denne leiken).

Eg får vel runde av før det blir ein stil her! Eg har så mykje tankar og meiningar rundt dette temaet, at eg kunne
gjerne ha skrive fleire sider. Kva synes akkurat du om at folk utan utdanning vert tilsett i f.eks. ein
førskulelærarstilling? Eller andre stillingar der dei utlyser krav om utdanning? 

 

Artikkelen eg las på Ba.no: http://www.ba.no/nyheter/article7120654.ece

 


  4 kommentarer på "Arbeidsløyse blant unge vs. dårlegare kvalitet i enkelte sektorar."

Postet av:
kul blogg!
26.01.2014, 20:23
Postet av: Tingeling
Anonym: Ehhh takk for det, kven enn du er:P
26.01.2014, 20:26
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Mette Fredsvik
Enig med deg irlin, men eg har sjølv vært med på å ansette førskulelærarar i bhg... Og barnehagane har ikkje lov å ansette nokon utan utdanning dersom det er andre søkjarar som er meir kvalifiserte... Da skal dei grunngi godt kvifor den personen ikkje er egna til stillingen.
26.01.2014, 22:56
Postet av: Tingeling
Mette Fredsvik: Såpass, dei må grunngi til høgare hold da eller? Eg fekk ikkje noko tilbakemelding i heile teke etter søknaden. Sendte dei mail eit par veker etter innsendt søknad, da sa dei at dei hadde allerede besatt stillingen. Og fekk vite av ein kompis kem som fekk jobben og at vedkommande ikkje hadde nokon utdanning i forhold til barnehage.
26.01.2014, 23:03
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: mari og kari
fin blogg :) kjekk gjerne ut vår :)
01.02.2014, 19:28
URL: http://mariogkari.blogg.no

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • Januar 2014
  • Desember 2013
  • November 2013
  • Oktober 2013
  • September 2013
  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Mathjørnet
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Trening/livsstil
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits