Såååå fornøyd med julegavene:)

Tenkte å vise dykk lesarar kva eg fekk til jul. Fekk så mykje fint i år, meir enn eg kunne håpe på - og tenkte
eg kom til å få. This is one lucky girl:) Tydelegvis vore snill i år! 

 

Fra fadderungen min - Axel. Eit sett med kroppskrubb, body butter, dusjsåpe og lip balm - og eg elskar lukta av
mango. 

 

Fra Tore - ein venn av bror min som brukar å feire jul med oss nesten kvart år - fekk eg ei varmeflaske:)

 

Fra bror min og sambuaren fekk eg ei råtøff dressjakke med kule detaljar og ei skjorte fra Jean Paul, berre synd
at skjorta knapt nådde fram til nipplane ;) Så den har eg fått bror min til å ta med for å bytte.



Lenka i stadenfor den vanlege "opphengsbiten" som pleier å henge inni jakkene.

 

Fra den andre bror min og hans sambuar, fekk eg dette råkule manikyrsettet. Som bror min sa:
No får du Årdals tøffaste negler. 

Det er eit sett med forskjellige mønster som ein kan "stemple" på neglene. Berre synd eg ikkje heilt får det til:/
Øvelse gjer mester heiter det vel? 

 

Fekk også denne råkule clutchveska. Har ønska meg slik veske lenge, men det har vore ganske så stiv pris -
så da er det kjekt med julegaver fra London:) (Ikkje det at eg trur den var så mykje billegare der :/)

 

Fra fadderane mine - Marit og Reidar, fekk eg Nike Free Run 5.0 i fargen neon korall:) Råstilige og kjempegode
på foten. Skikkeleg treningsmotivasjon og! 

 

Fra mamma, pappa og onkel fekk eg nettbrett. (Har klart å snu det opp ned for anledninga).
Samsung Galaxy Tab 3.0 med 32 GB + 500 kr til å kjøpe meg støvlettar. 

 

Så til årets store overraskelse. Eg fekk pakke fra ei eg har jobba med i mange år - snille, gode Randi. Ho hadde kjøpt
trådlaust tastatur og etui til nettbrettet mitt. Eg vart så overraska og veldig glad for denne pakken.

Eg fekk som sagt alt eg kunne ønske meg, og mykje meir til:) 

 

Bilde av middagsbordet vårt på julafta:

Trendy gammalrosa stolar ja - tippar mamma har lyst til å trekke om desse :P

 

Eit lite bilde av treet, pakkehaugen og to av dei søte voffsane som feira jul i lag med oss. Nærmast er Tini - min
bebis, og ved sidan av ser de Tula - søstra til Tini. Mammaen deira låg heilt sikkert i sofaen og kosa seg:) 

Meir perfekt julafta kunne eg ikkje håpe på - 3 hundar + heile familien og Tore samla til jul - da er alt på plass!


  3 kommentarer på "Såååå fornøyd med julegavene:)"

Postet av: Mjiaow
Det var mye fint ja :D
28.12.2013, 23:24
URL: http://mjiaow.blogg.no
Postet av: Tingeling
Mjiaow: Jaaaa så absolutt:D Håpar du har fått like mykje fint:)
28.12.2013, 23:26
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Mjiaow
Jepp, er svært fornøyd med gavene i år.. Har lagt ut det aller meste i ett innlegg på bloggen min.. Men blir nok ett innlegg til iløpet av kvelden nå siden jeg endelig har fått hele julegaven fra min kjære idag :)
28.12.2013, 23:39
URL: http://mjiaow.blogg.no
Postet av: Tingeling
Mjiaow: Så kjekt, d må eg sjekke ut:)
29.12.2013, 17:37
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • Desember 2013
  • November 2013
  • Oktober 2013
  • September 2013
  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Mathjørnet
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits