Pimp your piggybank:)

I november i år, fekk me eit nytt senter her i Årdal - i den forstand skulle posten slåast sammen med Coop
Mega, som skulle bli Coop Extra. I den anledning måtte me jo rydde opp og flytte over det som skulle flyttast
over til nye bygget. I ei hylla fant mamma to mindre pene sparegrisar. Halvt gule og raude, med postenmerket
og "Posten" innprenta på begge sider. Eg fant ut at eg ville gjerne ha desse sparegrisane, og gjere dei om til
mitt nye #DIY prosjekt. Eg og søte Runa mi har nemleg begynt eit spareprosjekt, og da er det litt kjekt med nokre
fancye sparegrisar.

 

Her er sparegrisane etter vask, og det trengtes kan eg sei! 

Ser ut som dei ligger klar til slakting:) Her har eg tatt dei ut i garasjen for å spraye dei.

 

Sølvspray fra sparkjøp - stor boks med mykje innhald, billig og hurtigtørkande. Absolutt å anbefala.

 

Kjempe utydeleg bilde, men dette er etter første sprayomgang. Var kaldt og bles ute, så eg skunda meg litt 
for mykje med bildetakinga. 

 

Blyant, pensel og sjokkrosa maling fra Søstrene Grene. Må sminka grisen litt og:)

 

Ser du godt etter, så ser du at eg har teikna leppekonturar.

 

Første strøket med "leppestift"!

 

    

Så litt ekstra pynt på grisen - den skulle nemleg heite Stella, ergo måtte eg finne nokon fine steinar
eg kunne lime på. Det er viktig å prøve ut med steinane før ein limer på. Eg hadde faktisk funne nok
steinar til heile navnet, men på ein eller annan merkeleg måte, hadde eg ikkje nok då eg kom til S
(som eg tok til slutt). Kanskje dei hadde dutte ned på golvet eller bak skrivepulten, eg måtte
derfor lage S i ein annan farge.  

 

Her har eg byrja med å lime på navnet - S valgte eg å ta til slutt sidan den var "vanskelegast". 
Grisen har og fått fine "perlearmband" på seg. 

 

Det ferdige resultatet:

Sølvspray, perlearmband, leppestift og lausvipper. Stella er klar for dyst:)

 

Navnet hennar på venstre side.

 

"Feed Me" - viktig å ha på ein sparegris. I går vart det bevist at det funkar og, for Stella har allerede blitt fôra!

 

Så syntes eg Stella var litt naken i rumpa - så da fekk ho eit hjerte plassert "midt i føyi" som me seier
her i Årdal:)


Kva synes de? Eg synes vertfall det er meir morro å legge peng på ein sparegris som er litt meir fancy enn
dei "vanlege" sparegrisane. Det trenger heller ikkje å bli dyrt å lage dette. Einaste eg har kjøpt nytt, var den 
sjokkrosa malingen og sølvsprayen. Det betalte eg ca 50-60 kr samla for. 

Dei fire nøklane til sparegrisane er gøymde godt vekk - her skal ingenting takast ut att før grisen er full:) 
(Min eigen gris har eg ikkje byrja på enda, men eg skal såklart vise resultatet av den også når den er ferdig)












     



  5 kommentarer på "Pimp your piggybank:)"

Postet av: Kaia Hiller Sollie
Oi, de blir skikkelig kule! Fikk litt lyst å kjøpe meg en sparegris selv :)
27.12.2013, 19:37
URL: http://kaiahs.blogg.no
Postet av: Tingeling
Kaia Hiller Sollie: Takk:) Det syntes eg og:) Gjer det...er jo litt arbeid, men du får til gjengjeld ein sparegris ingen andre har:)
27.12.2013, 19:39
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Kaia Hiller Sollie
Det er det jeg gjør. Må begynne å spare nå siden jeg skal mest sannsynligvis flytte til høsten :)
27.12.2013, 19:49
URL: http://kaiahs.blogg.no
Postet av: Camari
så stilig den ble :D
27.12.2013, 23:31
URL: http://camari.blogg.no
Postet av: Tingeling
Kaia Hiller Sollie: d esje dumt. Ein sparekonto og sparegris e bra da
28.12.2013, 13:27
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
Camari: takk:)
28.12.2013, 13:28
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • Desember 2013
  • November 2013
  • Oktober 2013
  • September 2013
  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Mathjørnet
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits