Happy birthday to meeee:)
Ja da er bursdagen min nesten over. Har hatt ein ganske vanleg dag - jobba og så avslapping heime.
Pappa diska opp med taco til middag og gele til dessert. Den heidundrandes bursdagsfesten hadde
eg på laurdag - den havna i toppsjiktet av bursdagsfeiringar:) Herregud kor morosamt me hadde det:)
For dei som ikkje har lest Angelica sin blogg, så kan eg jo ta opp dei fantastiske sitata fra Partyalias!
Me spelte det spelet som ein slags drikkeleik - me hadde to deltakarar på kvart lag - ein forklarar ord,
og den andre gjettar - så må motstandarlaga drikke så mange slurkar som det "spelande" laget klarte
å forklare og gjette. Så til sitata:
Anita og Angelica var på lag, der Anita skulle prøve å forklare ordet svane:
Anita: Den stygge andungen vart til?
Angelica: Ei gås!
På det andre laget var eg og Runa, der eg skulle prøve å forklare Boomerang:
Irlin: Ein sånn dings som du kastar i lufta som kjeme tilbake?
Runa: RANGOTANG!
Ehhhh, kva er ein rangotang? :) Skjønnar de at me har ledd mykje i helga eller?
Så over til noko heilt anna:
Eg har fått så mange fine meldingar i dag, og eg tenkte å vise eit par søte meldingar eg fekk:
Ein bloggvenn som sendte meg den meldinga:) Tusen takk Grete.
Så fekk eg enda ein søt melding av ei anna Grethe (men ho skriver med h ja)
Tusen takk til alle som har hugsa på meg i dag. Er stas å ha bursdag når ein får så mange og fine meldingar:)
  3 kommentarer på "Happy birthday to meeee:)"
URL: http://www.vonhippie.blogg.no