Lavkarbokosthold - viktig med støtte

Eg synes det er viktig at eg får støtte mtp kostholdet mitt, og sidan eg alltid har vore vandt til
eit kosthold med ein del karbohydratar, er ikkje det berre enkelt å skulle kutte dette ut.
Mine nærmaste er det spesielt viktig å få støtte av, sidan det er dei som er rundt meg
mesteparten av tida. Korleis er det da når ein føler at ein ikkje får så mykje støtte i heimen,
fra foreldra sine? 

Ja, korleis opplever eg akkurat dette? Dei seier dei er så positive til det eg driver med, og skal
støtte meg osv osv osv. Men gjer dei verkeleg det gjennom handlingane sine? Eg har fått
beskjed av legen at eg MÅ gå på lavkarbo vertfall 1 år, og kanskje til og med heile livet. Ergo er det
godt når folk rundt støttar og ikkje prøver å rive ned den sjølvsikkerheita om at "dette skal eg klare".





Kan jo fortelje fleire eksempel på kvifor eg i grunn ikkje ser mamma og pappa som så veldig støttande
gjennom dette. Mamma sa da eg skulle byrje med det, at ho gjerne vil smake på det eg lagar, men
kvar gang eg føreslår noko, så rynkar ho på nasen, sånn typisk "æsj" rynking. Da har ein jo ikkje
lyst å lage til noko heller, så det har enda opp i fleire kranglar. Eg har vel i det heile komme fram til
at mamma kjem vel ikkje til å smake på alt det eg lagar, same kor mykje ho sa det i byrjinga. (Ho har
smakt såvidt på pizzaen og ein muffins).

Det var ein ting, ein annan ting er jo at foreldra mine sitter og gomlar på pommes frites til kanskje
3-4 middagar i veka. Kor kjekt er det når ein skal holde seg unna pommes frites, for eg synes jo det er
godt og blir frista. Derfor har eg i grunnen funne ut at eg holder meg langt unna når dei skal lage og
ete middag. Eg kan jo ikkje tvinge dei til å skifte på kostholdet sitt, sjølv om dei hadde nok ikkje hatt
vondt av å eta litt sunnare.

Ein tredje ting er at eg no har begynt å sei at dei kan lage til middag, så lagar eg meg anna tilbehør til.
Kor enkelt er ikkje det for dei da? Da trenger dei eigentleg ikkje bekymre seg eller bry seg med noko.
Kluet er da at eg må vite ca når middagen er ferdig, for f.ek.s blomkålmos tek jo litt tid å lage. Meeen,
når eg da spør kor lang tid det er ca middagen tek enten før eller når den er begynt på, så er jo det
umogleg å få eit svar. Det heile enda med at eg blir litt skuffa eller irritert og gir beskjed at dei får lage seg
middag, så får eg lage meg seinare.

 




 Eg burde vel eigentleg ikkje klage sidan dei betalar stort sett all maten (takk kjære mamma og pappa), men 
eg må jo få vere litt fortvila når eg føler at middagen er ein dagleg kamp eg stadig tapar på eit eller anna vis. 
(Og ikkje kom her og sei eg har valgt det sjølv å bu heime, for det har eg faktisk ikkje). Eg gledar meg til den 
dagen eg endeleg får tilslag på jobb i Bergen og skal flytte for meg sjølv attJ


Om ein bur heime eller for seg sjølv, så er jo det kjekt med støtte frå foreldra sine, ikkje sant?

 

 


  3 kommentarer på "Lavkarbokosthold - viktig med støtte"

Postet av: Tine
Inspirerende blogg :) Legg meg gjerne til som venn, da blir det lettere for meg å følge oppdateringene dine.
18.10.2013, 16:55
URL: http://tinealice.blogg.no
Postet av: Camilla
Huff, så kjedelig å ha det sånn da. Da jeg fikk vite at jeg hadde intoleranse for gluten, var mine foreldre veldig flink å enten lage et alternativ til meg eller så laga de hele middagen glutenfri, når jeg var hjemme på besøk.

Det kan da ikke være så vanskelig å bare prøve en liten periode, og hvis de ikke liker der, så har de nå ihvertfall prøvd. Jeg tror nå de ville blitt positiv overraska.

Du får heller komme bort å lage mat med meg istedenfor, du skal få både støtte og hjelp med middagen ;-)
18.10.2013, 16:58
Postet av: Tingeling
Tine: Takk for det, du kan jo legge meg til som venn sjølv om du vil;)
18.10.2013, 17:00
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
Camilla: Det er veldig kjedelig å ha det sånn ja....og spesielt når eg seie dei kan lage den middagen dei vil, så lagar eg berre anna tilbehør.

Så kjekt at foreldrene dine har vist sånn forståelse:) Det gjere meg glad og:)

Hehe, ja tvilar ikkje på at det hadde blitt mykje bedre å lage mat med deg istadenfor:)
18.10.2013, 17:02
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • Oktober 2013
  • September 2013
  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Mathjørnet
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits