Rullatorbanden:)

Har lenge tenkt å skrive eit innlegg om den kjære rullatorbanden her i bygda. For som ansatt på post/tipping,
så ser eg ganske mange med rullatorar, pluss at eg ser og opplever mykje forskjellig knytta til desse.

For det første, sjå for deg ein eldre person med rullator?.. vedkommande ser ganske så gammal, søt og litt
hjelpelaus ut, sant? Han/ho går med sneglefart mot målet sitt, og må kanskje stoppe opp og sette seg ned
og ta seg ein kvil på vegen. Dei aller fleste anar fred og ingen fare ? dei ser vertfall ikkje på desse
rullator?køyrarane? som nokon trussel. Der tek dei aller fleste feil, for dei eldre kan dersom dei vil. Dette ser
me dagleg bevis på som nærmaste nabo til både matvarebutikk, gåvebutikk, klesbutikk og ja??.
Vinmonopol?.. og hos oss sjølve i post- og tippe?boden?.


(Bilde henta fra google.no - link dersom du trykker på bildet. Det er fra rullatorstafett ved bu- og omsorgssenteret
her i Årdal) 

Eit eksempel me ofte ser er at dersom det er tilbod på nokre av butikkane (ikkje polet da:P), eller det endeleg
er ledig ved kassa ? da har dei ein forrykande fart ein aldri ellers ser dei har. Nååååde den personen som prøver
å komme framfor dei da ? det kan ende med ein alboge i sida eller eit rullatorhjul over foten. For om dei ser
aldri så søte ut der dei går med rullatoren sin, så kjem den indre ?kjerringa/kallen? fram når det gjeld. Bøllete
kan dei gjerne vere når dei så lett slepp unna med det, for kven tør vel ta opp kampen eller skjelle ut ein eldre
person med rullator? Ikkje eg vertfall.

Eg må nesten ta opp ein enkeltepisode som er litt tragisk og veldig morsom. Ein dag da eg er på jobb kjem 
ein av stamkundane til matvarebutikken inn i bygget, og set frå seg rullatoren ikkje så langt frå kassane. Han
hentar seg ei handlevogn og går inn for å handle. Omtrent samtidig set ei dame med rullator frå seg denne
ved utgangspartiet til bygget. Me anar fred og ingen fare, heilt til mannen (stamkunden) kjem ut att og skal til å
plassere varene sine i rullatoren sin ? meeeeen, der er det ingen rullator. Me ser fort at rullatoren ved
utgangspartiet framleis er der ? og 1 + 1 blir 2 ? dama har nok teke med seg feil rullator. Mannen er heilt frå seg,
for han vil da ikkje ta med seg den andre rullatoren ? og det STÅR JO NAMNET HANS PÅ HANS EGEN!
J Verken
eg eller kollegaen min hadde fått med seg kven dama med rullatoren var, og einaste som er i hennar rullator er
ein lapp med etternamnet hennar på. Jaaaadda, me unge har jo ikkje peiling på kva alle dei eldre i bygda heiter.
Til slutt melder ein kunde seg frivillig som detektiv, for ho meinar ho veit kven dama er. Mannen kjem bort til meg
og vil at eg skal bestille taxi heimatt, og eg tilbyr meg å ringe til han om rullatoren skulle dukke opp att.

Like før taxien står framfor bygget, kjem detektiven og ?rullatorkidnapparen? inn døra. Ho hadde nok teke feil ja, og
ikkje reagert på at den ikkje stod på den plassen ho satte den frå seg ein gong. Dei sinte og forvirra eldre folka blir
søte og hjelpelause igjen, og står og samanliknar rullatorane sine?.. for det er jo ulik farge på dei ? og det STÅR
JO NAMNET på den eine. Me bak disken på post/tipping får oss ein god latter?. for det er tross alt ein litt
tragikomisk hendelse?.. ?dagen då rullatoren vart kidnappa?:P

Alt i alt er nok ?rullatorbanden? ganske søte gamle folk, og kanskje nettopp derfor legg ein merke til når dei stikk seg
litt fram, som med ein alboge i sida, eller ein kidnappa rullator. Eg storkosar meg som oftast når dei kjem inn døra
og gjerne tek ein prat.

 

Fleire som har slike ?rullatorbandar? der dei bur?


  0 kommentarer på "Rullatorbanden:)"


Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • September 2013
  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • Juli 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Mathjørnet
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits