Min nye lekre matboks:)

No som eg har gått skikkeleg inn for lavkarbo, i tillegg til å følgje legens råd for å få orden på
stoffskiftet mitt - så har eg ofte med meg middagsrestar på jobb. Legen ville nemleg at eg skulle
ete varme måltid til frukost, lunsj og middag (noko som har funka så det susar):) På grunn av dette
har eg leita etter ein matboks med fleire rom, slik at eg slepp å blande maten (noko som ofte får
den til å bli blaut og ekkel).

Mamma fant verdas finaste matboks til meg for eit par veker sidan, på Gaveriet her i Øvre Årdal. Ikkje var
den dyr heller, 299,-

Ingen hemmelegheit at eg elskar lilla og sommarfuglar - kofferten har to ulike motiv, eit på kvar side, men begge
lilla/kvit og med sommarfugl. I tillegg har den eit praktisk håndtak som ein kan flytte rundt på kofferten, akkurat der
det måtte passe ein:) 

 

 

Tre fine boksar oppi, som tåler å frysast ned, vaskast i oppvaskmaskina, og varmast i mikroen:)




 

Ser du praktiske boksen? Er ganske bra størrelse på dei:)

 

Følger med dette fine kjøleelementet som skal oppi matboksen - om du ønsker å halde maten kald:)
Det er gele' inni i staden for vatn - for da held den seg frosen mykje lengre. Smart sant?
Eg som ikkje ønskjer å sette fra meg fine matboksen i felleskjøleskapet, synes dette er kjempepraktisk:)

 

Eg tenkte å avslutte med å fortelle om første gongen eg brukte matboksen min, for det enda heller ganske så
komisk:) Eg pakka fint oppi middagsrestane om kvelden, kylling, steikte grønsaker, blomkålmos og litt bearnaise saus,
slik at eg skulle sleppe å pakke nedi dagen etter om morgonen før eg skulle på jobb. Stod opp neste morgon,
stelte meg, åt frukost, ned og henta kjøleelementet i frysen, og gjekk til jobb.  Vanlegvis står eg og ventar utanfor
hovudinngangen til person nr 2 på jobben kjem og låser opp innanfra, men denne dagen kom aldri denne personen
(følte eg), så eg byrja å gå rundt til bakdøra. Dette skulle eg ALDRI ha gjort, for eg hadde såklart ikkje klikka lokket på
matboksen skikkeleg att, slik at  lokket plutselig datt av og alt innholdet trilla ut på gata. Det hadde ikkje vore så alt for
flaut dersom eg ikkje måtte stå og plukke opp ein halv kylling fra fortauskanten......... sjå for dykk heile scenearioet.....
grilla kylling, blomkålmos og steikte grønsaker i ein haug på fortauet?..... Flaut sant? Så heretter har eg putta
matboksen min i ein pose....berre for å vere på den sikre sida.  

 

 

Nokre fleire som har samme matboks? Kanskje nokon er på jakt etter sånn? Da kan eg alltids finne ut merket:)


  2 kommentarer på "Min nye lekre matboks:)"

Postet av: Rainbow Attack
Kjempe smart ;-)
06.09.2013, 03:02
URL: http://rainbowattack.blogg.no/
Postet av: Tingeling
Rainbow Attack: ;)
09.09.2013, 20:11
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • September 2013
  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • Juli 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Mathjørnet
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits