Kokkelering - lavkarbohamburgerbrød og lasagne:)

Yes....da har eg byrja å prøve ut litt meir seriøs lavkarbo - eg testar faktisk ut ulike oppskrifter. I dag vart det
hamburgerbrød med oppskrift fra Fotballfrues dagbok, og pakningslasagne, der pastaen vart bytta
ut med squash.

 

Først ut er Hamburgerbrød:

Skil eggeplommane frå eggekviten - begge delar skal brukast:)

 

Pisk eggeplommane slik at dei vert lysegule og luftige.

 

Ha oppi ein boks med Philadelphiaost.

 

     

Putt oppi litt fiberhusk og salt. 

 

Litt utydeleg bilde, men røra skal verte lysegul, jamn og fin. 

 

Pisk eggekviten til den vert stiv, og du ganske lei:)

 

Pisk eggekviten lenge, lenge og lenge.


Irlin:  "Pappaaaa, kor lenge må eg piske eggekviten?"
Pappa: "Du må piske den myyyykje lengre - den er ikkje ferdig enda"
Irlin: "Weeeeee, eg lagar skyer". (Jaddaaaa....litt lei av eggekvitepisking?) 

 

Vend så inn det stivpiska eggeskummet. Dette foregjekk noko slik som dette:

Irlin: "Pappaaaaaa, kan ikkje du venda skummet inn i deigen, eg tørr ikkje". (Roper til pappa som sitter i stova
i godstolen). Pappa kjem til unnsetning og startar å vende inn skummet.
Irlin: "Neeeeei, det der er ikkje å vende inn skummet. Eg vil prøva sjøl".
Pappa går fint inn i stova og setter seg i godstolen att.
- Etter 1 min med forsøk på å venda inn skummet -
Irlin: "Pappaaaaaaaa, eg trur du må ta over, detta gjekk ikkje det!". 
Stakkars pappa kom tuslande ut att på kjøkkenet og fiksa deigen for meg. Snille pappaen min.  

 

Gløymde å ta bilde av deigen da den var ferdig rørt - men når den har fått svelle litt, så heller du ut åtte like store
delar deig på bakeplater (eg brukte to) - så formar du dei til i passe størrelse.

 

Strø på oregano, kvitlaukspulver og sesamfrø på fire av delane. (Toppen).  

Gløymde såklart å ta bilde av ferdig resultat, var så opptatt av å sjekke om dei var ferdige, og å smake på dei:P 
Skal heller vise i morgon:) 

 

Lasagne på lavkarbovis - Squash i staden for pastaplater. 

Karbonadekjøttdeig - eg visar ikkje heile prosessen sidan eg reknar med dei fleste klarar å lage lasagne av toropakning. 
Skal heller vise neste gong, for da skal eg lage heilt fra botnen av.  

 

Hugs å anten steike squashen først, eller salte dei og la dei ligge. Det er mykje vatn i squashen som trekker ut da dei vert
varme - noko eg erfarte første gongen eg lagde lavkarbolasagne - det var nesten meir vatn i forma enn kjøttsaus:)  

 



Sidan eg har ei mor som rynka på nasen og lagde grimasar da eg nemnde squash i lasagnen, så fekk ho og pappa
pastaplater på halve lasagnen. Alle sammen nøgde, og godt er det:) 

 

Eg storkosa meg vertfall med middagen i dag - lavkarbolasagne, hamburgerbrød og salat:) Nomnom:) 

Trur de at de hadde likt dette? Fleire som går på lavkarbo? 

 

Klem fra ein stykk sliten Tingeling:)


  0 kommentarer på "Kokkelering - lavkarbohamburgerbrød og lasagne:)"


Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • September 2013
  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • Juli 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Mathjørnet
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits