Balderklinikken
De som har fulgt bloggen min, veit at eg sliter med lavt stoffskifte. Dessverre er det vanskeleg for fastlegen
min å gjere noko med det - anna enn å gi meg "standardisert" medisin - Levaxin. Denne gjer ikkje noko anna
enn å regulere TSH nivået - noko som er langt fra nok til å kunne fungere vanleg. Eg har no gått rundt som ein
zombie i meir eller mindre 6 mnd - og orka ikkje meir av det. Ei venninne av meg har også lavt stoffskifte, og råda meg
til å bestille meg time på Balderklinikken i Oslo. Der jobbar det legar som har spesialisert seg på stoffskiftet
(slik eg har forstått det) + mange andre ting. Sååååå, på mandag skal eg til Oslo og sjå om dei klarar å hjelpe meg:)
Trykk på denne linken om du kunne tenke deg å lese meir om >Balderklinikken<
Me bles ei tyggisboble av glede for endringar og fart på stoffskiftet att....yes we do:)
Eg har bestilt meg hotellrom i Oslo fra mandagen til onsdagen - da får eg litt etterlengta aleinetid + litt shoppingtid:)
Tenkte faktisk å ta toget til Strømmen og innom New Yorker også - det tek jo berre 24 min:)
Nokon som har tips til kva ein kan gjere på i Oslo i eit par dagar når ein er der aleine? (Veit jo ikkje om vennene mine
er tilgjengelege når eg er der:P)
  21 kommentarer på "Balderklinikken"
URL: http://www.vonhippie.blogg.no