Å føle at ein ikkje passar inn.....

...der ein bur.... 

 

....og dette har eg tenkt på mange gangar. Eg bur i eit lite bygdesamfunn (lite, men stort nok), der "alle kjenner alle". 
Som alle andre plassar, så herskar det preferansar både for utseende, klesstil, korleis ein oppfører seg +++++, og slik
fortsetter lista vidare - eg reknar med de alle veit kva eg snakkar om. Sidan plassen er så liten, så merkar ein det 
ganske godt når nokon skil seg ut. For å bruke meg sjølv som eksempel, så går eg i akkurat dei kleda eg har lyst
til å gå i - får ein del blikk pga det, og eg er ikkje nokon slank berte - ergo får eg enda meir blikk. Eg har problem med
høyrselen, men ikkje med synet - det fungerar perfekt - og det er null problem å sjå når folk ser på meg eller snakkar
om meg....for folk som kanskje trur dei er diskre - så er dei sjeldan det. 

 




Så kjem spørsmålet mitt - kvifor er det så vanskeleg å la folk få vere akkurat slik dei er? Er det ikkje bra at folk er
ulike da? Tenk så kjedeleg og grå verda og kvardagen hadde vore om folk skulle vore like? Synes eg ser for meg 
ein robot/zombie liknande tilstand der det ikkje eksisterar nokre nyansar......Kanskje folk skulle tenke over at
det er mangfold og det at folk er ulike som skapar f.eks. ulike klesstilar, musikk, ulike matrettar, kunst generelt og mykje
mykje meir:) Alt det spennande og ofte vakre rundtom i verda er blitt til fordi nokon skil seg ut og går utanfor ein A4 kvardag
og preferansar:)  

No skal eg faktisk flytte til hausten - til vakre og herlege Bergen. I byar kan ein skli meir inn i mengden sjølv om ein skil
seg ut..... for det er meir "greit" å skille seg ut der, og ein finner fleire av "sitt slag":) Ein får jo blikk og kanskje nokon
snakkar om ein eller ler for den saks skyld, men det er ikkje så merkbart - ein føler ikkje ein blir satt i bås og fryst ut
av fellesskapet. Eg gledar meg til å kunne vere litt meir "fri" att, har jo budd i Bergen i 7 fantastiske år - og veit at eg
trives veldig godt der.


(Litt random bilde fra Bergen - utsikten fra hybelen eg hadde - nice sant:P)

Bloggen skal jo framleis eksistere sjølv om eg flyttar - så litt av det eg har skildra om det å bu i bygd kjem til å halde fram.
For blogg- og nettsamfunnet er jo nesten som ei lita bygd. Skil ein seg litt ut så får ein stygge kommentarar - ofte forkledd
i anonym utgave....  Det er jo ikkje så vanskeleg å sjå at dei fleste på topplista er eigentleg ganske like.... "perfekte" 
på sine måtar......Og "perfeksjonisme" blir jo foretrekt og løfta fram...

Uansett kva folk foretrekker, kjem eg alltid til å vere meg. Eg sluttar ikkje kle meg anleis fordi folk ikkje likar det eg har 
på meg - det er jo eg som skal gå med det.... Og eg prøver hardt å gjere noko med vekta mi - men det er ikkje like lett...
fordi eg har ein sjukdom som jobbar mot min vilje. Så kjære alle saman.....la folk få vere seg sjølv... det er ganske 
vanskeleg å skulle vere "nokon andre" - berre fordi det blir foretrekt.....  

Nokon som kjenner seg att i det eg skriver om? 


  21 kommentarer på "Å føle at ein ikkje passar inn....."

Postet av: Anette
Velkommen tilbake til Bergen!! Det skal bli kjekt å få ditt blide og motiverende vesen med på håndballaget igjen!! Klem
14.06.2013, 20:05
Postet av: Isabelle
Ver stolt øve den du e søta :) eg lika deg akkurat sånn du e, så fortsett med det!:)
14.06.2013, 20:15
Postet av: - Hannah
Jeg bor i en høyblokk stappfull av gamle folk - og jeg bor rett ved siden av en barnehage. Ikke så veldig mye likt der. Ellers sklir jeg rett inn i mengden på byen, noe jeg syns er greit nok ^^
14.06.2013, 20:33
URL: http://www.kaffemonster.blogg.no
Postet av: Trine Alida
So flott innlegg Irlin:)

det er viktig å vera seg sjølv, og så lenge ein er nøgd med det, er jo det viktigast:) Folk som er dømmande har som regel ikkje det godt med seg sjølv..når det er sagt så tenker ikkje eg over at du er anleis, syns du skal vera akkurat slek du e:)

Klem fra Trine Stevnebø
14.06.2013, 21:24
Postet av: Nattie
Have a nice weekend :)

Ta gjerne en tur innom bloggen min! ❤
14.06.2013, 21:33
URL: http://nattiesnuppah.blogg.no/
Postet av: Tingeling
Anette: Takk søte deg:) Gleda meg til å komma tilbake:) Du e min motivasjon...så du må skunda deg tilbake på bana att:) Klem
14.06.2013, 22:45
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
Isabelle: Nååååh takk:) eg lika deg akkurat sånn du e og..... og eg ha ikkje tenkt å forandra meg:)
14.06.2013, 22:45
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
Hannah: Ikkje alltid så lett å bli likt av alle aldrar...men så lenge du likar deg sjølv:) Det som er det viktigaste
14.06.2013, 22:46
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
Trine Alida: Det tenker eg og...det må jo vere noko som gjer dei dømmande...

tusen takk søta:) Så fint "sagt" av deg:) Har tenkt å vera meg, og ingen andre:)

Klem
14.06.2013, 22:47
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: - Hannah
Yup ^^
14.06.2013, 23:24
URL: http://www.kaffemonster.blogg.no
Postet av: scorsese86
Jeg kjenner meg godt igjen: kommer fra en knøttliten kommune i Møre og Romsdal, hvor det bodde knapt 2000 sjeler. Når du går på ungdomsskolen og er gutt der, og verken er interessert i fotball eller moped, da passer man rett og slett ikke inn. Du blir lett "freak" og venneløs. De tre årene på ungdomsskolen var ikke lett.

Det er litt rart at jeg klarte å være meg selv, og at jeg er det enda. Jeg husker jeg prøvde, kjøpte meg slike kule klær, prøvde å være med på det som gjaldt moro osv, men jeg klarte det bare ikke. Jeg fikk vel bare innse at det var politikk og bøker som var min lidenskap selv om det ikke passet inn.

Jeg tror vi bør prøve å være den vi er. Dessuten er det ikke noe som er verre enn å være A4. Det må være usedvanlig kjedelig!
14.06.2013, 23:55
URL: http://scorsese86.blogg.no
Postet av: Tingeling
scorsese86: Synes du er tøff som kom deg gjennom det.... så klart kan ein prøve å "fake" og vere som alle andre... men som eg skreiv - det er slettes ikkje lett å vere nokon andre enn seg sjølv....

Eg har som livsmål å aldri bli a4;)
15.06.2013, 00:44
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Camilla
Du e tøff du
15.06.2013, 18:48
Postet av: Tingeling
Camilla: Takk:)
15.06.2013, 23:03
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Miriam
Vær deg sjølv Irlin for det ingen andre som kan væra nettopp deg <3 <3 <3

Når flyttar du til Bergen og har du fått deg jobb ? :)
17.06.2013, 14:45
URL: http://miriceci.blogg.no/
Postet av: Tingeling
Miriam: Naaaw. Takk... eg skal alltid vere meg sjølv <3<3<3

eg har planar om å flytte i august.... har ikkje fått jobb enda nei:/
18.06.2013, 23:06
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Miriam
oki så kjekt da :) :) Men det er jobb som er planen og ikkje skule eller ? :)
19.06.2013, 11:32
URL: http://miriceci.blogg.no/
Postet av: Tingeling
Miriam: Jaaa:) Planen er å ta opp vgs 2 års matte som privatist--...og jobbe ved sida av:)
20.06.2013, 23:41
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • Juli 2011
  • Juni 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits