Nytt rituale? Kaffe, skravling og lodd?
Jaja folkens...dei fleste som les bloggen min har nok sett at eg har skreve at eg har vore med Runa enkelte dagar...
Kven er så Runa?.... ho er faktisk heile 9 år yngre enn meg...noko ein ikkje skulle tru, for ho er ei moden, snill og
omsorgsfull jenta. Runa er og min reisepartnar til syden i sommar....noko me begge gler oss veldig til:)
Åh så søte me er:) Ligger i slekta...for eg er nemleg 4-melingen til mora til Runa:) Så veit de det...kjempespennande sant? Hehe
I dag, som i går, møttes me på Veekiosken for å ta ein "kaffe". Dvs at Runa drikker kaffi og vatn, mens eg drikker eit eller
anna eg har lyst på der og da... i dag falt valget på iste. I tillegg til drikke, og kanskje noko å bite i, så MÅ eg ha eit lodd å
skrape på.... det har liksom blitt ein del av "ritualet" når me møtes på Veekiosken. Har vunne nokon småsummar, men skal eg
gå i pluss så må eg nok anten slutte å kjøpe lodd, eller vinne større summar:) Tiden flyg vertfall når me sitter der og
skravlar....sjølv om me berre nett skal møtast....så har det plutselig gått 1-2-3 timar:P Det tyder vel berre på at me har
det kjekt i lag:)
Så da folkens, har de fått sett ansiktet bak namnet...... also Runa:) <3 U søta:)
  21 kommentarer på "Nytt rituale? Kaffe, skravling og lodd?"