Janteloven anonymt!

Kvar skal eg byrje? Har såklart fått enda ein til stygg kommentar - fortsatt anonymt, og "gøymt" vekk under
forrige innlegg slik at minst mogleg lesarar skal få sjå den....Her skal de få sjå dagens "fine" kommentar + 
mitt svar til kommentaren:



Du som kommenterar avslører ein del med kommentaren din - for det første: Du er ekstremt dårleg
på rettskriving og matte;) Du har heile FIRE skrivefeil på dine to øverste linjer...flau much? I tillegg kan du neppe
ha mykje matteomgrep som skriver "1/10 av deg" - i såfall hadde du vist at dei jentene du snakkar om som har den
størrelsen ikkje er i live;)  

Så mitt spørsmål.... korleis bloggar ein modell? Det skulle eg likt å vite.... ver så snill å send meg ein link med ein
modell som bloggar slik at eg kan finne "likskapane".... i såfall skal eg rose deg - men tippar på eg heller gir deg
telefonnummeret til nærmaste optikar;)

Og ein blomst - jo såvisst er eg ein blomst.... det er du og det - men du er ei rose med tornar som likar å stikke andre
til blods;) Så veit du det:P (Og berre for å påpeike - det er ein analogi;) I tilfelle du ikkje skjønte det;) - Google analogi,
for tvilar på du skjønte kva det betydde også):)

Så over til overskrifta.... reknar med alle veit kva Janteloven er - det er den "lova" som byrjar kvar setning med:
"Du skal ikkje"......  Janteloven herjar vilt på nettet, og spesielt i anonym utgave - for dei som brukar den er ofte
så feige at dei ikkje tørr å legge att verken navn, mail eller bloggadresse. I kommentaren eg fekk leser eg akkurat
dette her mellom linjene:

*Du skal ikkje tru du er noko
*Du skal ikkje tru du er like mykje som meg/oss (i dette tilfellet lesaren)
*Du skal ikkje tru du er klokare enn oss (det beviste eg vel nettopp at eg var;))
*Du skal ikkje innbilla deg at du er betre enn meg/oss
*Du skal ikkje tru du veit meir enn meg/oss
*Du skal ikkje tru du er meir enn meg/oss
*Du skal ikkje tru du duger til noko
*Du skal ikkje le av meg/oss (å jo det gjer eg faktisk - du ler av meg, eg ler av deg)
*Du skal ikkje tru nokon bryr seg om deg (det veit eg det er mange som gjer)
*Du skal ikkje tru du kan lære meg/oss noko (eg trur det er ganske mykje eg kan læra deg)

Det du ikkje tenker på - er at du behandlar meg etter "Janteloven", og verkar å tru at "Anti-Janteloven" gjeld for
deg. For du trur du er noko. Du trur du er meir enn meg. Du trur og du er klokare enn meg. Du innbillar deg at du er
betre enn meg. Du trur du veit meir enn meg. Du trur du er meir enn meg. Du trur du duger til noko. Du ler av meg.
Du trur at andre bryr seg om deg. Du trur at du kan lære meg noko. Dette eine og aleine fordi du fortell meg at eg
ikkje kan kle meg sånn og sånn, eg kan ikkje blogge sånn og sånn, eg skal ikkje tru eg er ein blomst. Men veit du
kva - eg synes alle skal leve etter ein mix av desse lovane - fordi det er lov å tru at ein er noko - men ein skal
vere ydmyk ovanfor andre og vise dei respekt - noko du har gløymt "min venn"! 

Så dra med deg Janteloven din ein plass der den høyrer heime - og det er ikkje på min blogg!!! Eg nektar å la deg
innprente noko hos meg som ikkje stemmer..... 

EG BETYR NOKO FOR ANDRE OG EG ER FAKTISK NOKO - EG ER MEG!

 

 

 

 


 


  21 kommentarer på "Janteloven anonymt!"

Postet av: Linn-Katrine Jakobsen-Åsheim
Syns du er tøff Irlin<3 Å dessverre lever janteloven i aller beste velgående... Men det er nok de aktive "brukerne" av den som er de mest usikre..er nå min mening og oppfatning;)
25.04.2013, 20:19
Postet av: Tingeling
Linn: Takk Linn-Katrine:) <3 Ja det er nok sant - for ein sikker person har mest sannsynleg ikkje behov for å skrive/sei stygge ting om andre:)
25.04.2013, 20:23
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Chriztine
haha ååå skjønner godt personen måtte være anonym med så masse feil! Er det mulig... MORON!
25.04.2013, 20:37
URL: http://makeitwork.blogg.no
Postet av: Tingeling
Chriztine: Ja sant;) hehe
25.04.2013, 20:38
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: scorsese86
Virker som en veldig stusselig person.

Jeg liker at du står modell jeg, jeg er bare så glad for at jeg har funnet denne bloggen :D

Og det der med analogi... ikke gjør det for komplisert for vedkommende ;) Du kunne like godt skrevet kommentaren tilbake på hebraisk ;p
25.04.2013, 20:40
URL: http://scorsese86.blogg.no
Postet av: Saraaah
Bra innlegg^_^
25.04.2013, 21:11
URL: http://saraaahblogg.blogg.no
Postet av: Tingeling
haha. dine kommentarar får meg alltid i godt humør.... hebraisk kan eg ikkje...ellers hadde eg såklart valgt det:p
25.04.2013, 21:11
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Silje Merete Elstad
Sei berre: GO IRLIN, YOU RULE!!!
25.04.2013, 21:36
Postet av: Tingeling
takk:)
25.04.2013, 21:41
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
hehe. takk silje:) <3
25.04.2013, 21:41
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Helen
Herregud så teit det er at folk kommentera sånt anonymt og ikkje tørr å stå fram med navn, når dei først skal kritisera deg så kan dei no vertfall stå fram med navnet sitt og. Syntes du er tøff som legg ut bilde og outfit ++. Ikkje ta til deg dei stygge kommentarane, du er flink :) Stå på :)
25.04.2013, 21:53
Postet av: Tingeling
Helen: Dei er feige.... sånn vil det alltid vere med dei som kommenterar stygt... er vanskeleg å ikkje ta det til seg, men alle dei positive kommentarane eg får hjelper til med å få det til å prelle av....
25.04.2013, 22:08
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Angelica
fy søren så stygge folk kan vera. Menmen, dei e så tøffe bak dataskjermen sin, men tvila dei hadde vert så tøffe i virkligheten. Drittunga!

Fine blomsten min <3 digga deg for den du e. ilu <3
25.04.2013, 23:09
URL: http://angkiv.blogg.no
Postet av: Tingeling
d e akkurat d dei e;) eg digga deg og barbien min;) <3 løv u
25.04.2013, 23:18
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Angelica
<3 <3 <3
25.04.2013, 23:36
URL: http://angkiv.blogg.no
Postet av: Tingeling
Angelica: <3<3<3<3<3
26.04.2013, 00:31
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Xxjojo
Stå på Irlin syns du er tøff jeg og du har jo nydelig ansikt , og syns du er fin ;) synest bloggen din er fin jeg :)
26.04.2013, 21:27
Postet av: Tingeling
Xxjojo: Tusen takk:) Kem enn du e:)
26.04.2013, 23:23
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • Juli 2011
  • Juni 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits