Nail rock!
Da kjem tutorinnlegget for mine dritkule negler. Annankvar person som har vore innom jobben min i dag
har kommentert dei.....ergo må me konkludere med at dei ROCKS!:)
Eg har kjøpt mitt sett i Berlin, men reknar med ein kan finne det mange plassar i Norge og - eg fant blant
anna fleire knæsje sett på Nelly.com i går til ein rimeleg penge:)
(Skulle ønske eg såg før at bilda var i så dårleg kvalitet, no er det dessverre for seint å ta nye bilder:/)
Følte dette innlegget passar veldig godt under DIY kategorien - for det er jo eit "Do it yourself" innlegg:)
Les og lær:P Hihi
Du trenger:
Ei pakke med "Nail Rocks"
Inni ser det slik ut - du velger dei klistremerka som passar best til din negl - eller klipper dei til - så enkelt:P
Neglelakkfjernar for å rense neglene skikkelig før du byrjar - også om du ikkje har neglelakkrestar på - slik at "negletapen"
henger best mogleg.
Ein fin liten sak (ana ikkje kva eg skal kalle det) for å skyve tilbake neglebanda - da sit klistremerka betre
Neglefil - ligger i pakka med klistremerka. Fil til neglene dine slik at dei er ca like lange - og ikkje har nokon rifter o.l.
Så klistrar du på neglen akkurat det merket du vil ha på kvar negl:
Klipp ned klistremerket så lang ned du vil - og fil til formen:) Eg valgte å klippe nesten heilt ned til min egen negl -
slik at tapen ikkje kom utanfor neglen og kunne sette seg fast i noko og bli riven av.
VOILA:
Fresht sant?
Og det mest fantastiske med heile konseptet - det går fort, holder lenge og ein slepp alt sølet og at ein ripar borti før det er tørt!
You just gotta love it:) Sant?:)
  21 kommentarer på "Nail rock!"