Siste dag i Berlin + forsinka fly:/

Heisann folkens. I går hadde me siste dagen i Berlin. Sidan me hadde pressa inn veeeldig mykje på
programmet dei første dagane, så fekk me plutseleg veldig godt tid i går. Så me kunne faktisk tusla
litt rundt i byen og berre nyte dagen. Vart pittelitt shopping og, men det kan eg vise bilde av når eg kjem
heim til Årdal - da blir det nok eit par innlegg med shoppingfangst:P

Eg prøvde kvar dag å få tatt bilde av eit par veggar me såg da me satt på "bybana". Anten kom eg ikkje på det
tidsnok til å knipse, ellers var det sol og gjenskin i glaset, eller eg satt på feil side. Siste dagen da eg satt klar som
eit egg, dreiv dei faktisk på å mala over den eine veggen - kor uflaks kan ein ha liksom? Men fekk no tatt bilde av ein av
veggane da:) 

 

Me såg ein knallfin kuppel kvar gang me bevega oss inn mot Alexanderplatz - i går ville me finne ut kva det var for
bygning. Det viste seg å vere ein synagoge:)

På veg mot Alexanderplatz att. Her hadde me nettopp blitt spurt av nokre andre turistar om me snakka engelsk og
kunne forklare dei vegen til eit hotell. Dei trudde me var tyskarar. Ikkje verst å skli inn i mengden på 3 dagar gitt:P 

Hugsar de eg kalla neonfargar for "Happy-go-lucky" farge? Her i Berlin er det tydelegvis eit oransje hotell som er
"happy go lucky". (Har og funne ut at eg har ein bloggar på vennelista som kallar seg Happygoluckygirl:)) Sånt lika me:)

 

Så vart flyet vårt til Norge forsinka....og da såg bordet vårt sånn ut etterkvart:



Nomnom:)

Var faktisk så heldig at flyet fra Oslo til Bergen var like forsinka....så eg kom meg med. OOOOG eg rakk
taxfreen:) Det ordnar seg for snille jenter.

Eg enda opp med å ta taxi fra flyplassen til broremann. Taxisjåføren klarte såklart å køyre feil. Eg sa
"Haukeland i Arna" - og han var på veg til Haukeland i byen. JAAAADDA - vart dyrt for meg det. Nokon
som har peiling på kor mykje det ca kostar den turen eg egentleg skulle ha? For eg har ein feeling av at
eg har betalt aaalt for mykje til tross for at han stoppa taksameteret ei stund.

Håpa alle har ein fin fin dag.... skal snart legge ut outfit og;)

Klem 




 


  21 kommentarer på "Siste dag i Berlin + forsinka fly:/"


Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • Juli 2011
  • Juni 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits