Endeleg framme - marknad, trasking og den raude løpar:)

Skulle egentleg legge ut dette innlegget i går, men det vart litt endring av planane. Me kom for tidleg på hotellet,
og bestemte oss derfor for å sette att bagasjen og utforske byen. Me hoppa på togbana, litt nervøse for å ikkje
klare å hoppe av på riktig plass, men dette var jo piece of cake:) Første stopp vart nok Burger King for litt mat.
Vart veldig usunn mat og drikke i går, men me orka ikkje leite etter bedre alternativ sidan me var så slitne - ikkje
var det ope noko matbutikk heller.

Uansett - etter BK så reiste me på marknad i Strasse des 17. juli. Her står det lokale folk med ulike bruktsaker og
antikvitetar. Her storkosa me oss - og fekk faktisk handla ein del og. Me brukte vel ein god time på dette før me gjekk
videre bortover - der fant me kunst og handverk delen av marknaden - der me fant enda fleire ting:) 


Ferdig med shoppinga, tenkte me oss vidare på litt sightseeing - så eg saumfara kartet og såg me hadde
Brandenburger Tor, Unter den Linden, Grosser Stern og diverse andre turistattraksjonar like i nærheten. Så
me tok beina fatt og gjekk vidare.


Like i nærheten sa eg? Bite me:P Da me hadde komme halvvegs til Brandenburger Tor, måtte me ta oss
ein velfortjent pause.... for beina var godt utslitte. Gjett om eg var glad eg hadde valgt joggesko:) 

Me kava oss vidare - kom innom ein del turistattraksjonar - noko eg tenkte å laga innlegg om når eg kjem
heimatt til Norge:) Blir litt lange innlegg om eg skal putta alt inn i eitt.

Noko bilde av Brandenburger Tor fekk me ikkje, for midt på Pariser Platz var det eit haaaaav av folk. Ikkje
for porten sin del, men pga eit eller anna kjendis styr på Hotell Adlon. Me stoppa der og tok bilde av nokon
kjendisar me ikkje har peiling på kven er :)




Me var ganske slitne etter kun 1,5 timars søvn i løpet av natta, og sightseeing heile dagen, så me bevega oss
heim. Gjett om det var godt med ein dusj og ei mjuk seng:) I dag blir det shopping og enda litt meir sightseeing:)

Det eg kjøpte på marknaden i går:


Snakkes folkens:) Ha ein fin fin dag. Her er det strålande sol, og ikkje noko jakkevær i det heile tatt:) Klem
 


  21 kommentarer på "Endeleg framme - marknad, trasking og den raude løpar:)"


Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • Juli 2011
  • Juni 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits