Lågt stoffskifte...........og takk for den fantastisk "fine" kommentaren

I stad fekk eg min første stygge kommentar sidan eg starta denne bloggen..... kommentaren var som så:

"hehe ja. den runde kroppen gjør faktisk at du ser ut som en annanas". 

Den personen er SÅ fantastisk tøff når han/ho kommenterar anonymt....og btw...lær deg rettskriving...det skrives
ananas, ikkje annanas. Eg synes faktisk eg er 1000 gangar tøffare enn deg sidan eg faktisk tørr å vise meg fram
akkurat som eg er .....og det er det ikkje få personar som har bemerka og vore takknemlege for.....Så "hater"....om
du ser dette innlegget....ver tøff og vis kven du er....ikkje det....Tenkte vel det;)

Sånn seier eg til alle haters der ute:

Det blir litt å lese, men eg håpar de faktisk les det eg har skreve, det betyr mykje for meg:)

Vel grunnen til at eg er "rund som ein annanas"...om me skal bruke rettskrivinga til vedkommande som
kommenterte...er at eg har lågt stoffskifte. 

 

Ja - altså lågt stoffskifte - kva innebærer det?

Eg veit jo sjølv kva som skjer - men dersom me tek utgangspunkt i artikkel fra www.nhi.no, så er lågt stoffskifte ein
tilstand der skjoldbruskkjertelen utskiller for lite stoffskiftehormon (for å sei det enkelt for dei fleste). Skjoldbruskkjertelen
ligg i halsen. Dersom ein har fullt utvikla lågt stoffskifte (at det ikkje er i startfasen) - kan ein oppleve tiltakslausheit,
treigheit i rørsle, fryser lett, muskelsmerter, leddsmerter, auka søvnbehov, vektauke, forstoppelse (jadda, kjekt å lese),
ørheit, prikkingar i huden, mensforstyrringar, håravfall (ja eg mister ekstremt med hår) og hes stemme (sexy:P). 

Kanskje ikkje så enkelt å følge med - men sånn er no det. Eg har dermed ein sjukdom som kanskje ikkje er så lett for alle
og einkvar å sjå på meg. Utanom det at eg overvektig da..... sukk 




Eg leita i vertfall på nettet etter kostholdstips i forhold til lågt stoffskifte -  og eg fann ein ganske grei oversikt. Vart lettare
sagt deprimert når eg såg den. Men skal eg bli bedre, så må eg nesten prøva å gjera noko med det sjølv.

I oversikta, som eg fann >Her< -  stod det kva eg ikkje burde ete og kva eg burde eta:

Denne bloggaren hadde laga ein ganske grei oversikt.... som fortell meg at me med lågt stoffskifte har ofte heilt andre
behov for  
kosttilskot enn dei med vanleg stoffskifte..... me har behov for jern, D-vitamin, selen og B12.

Ho har og laga liste over mat ein blir "sjuk" av og mat som vert anbefalt for ein med lågt stoffskifte å ete. Eg skriv
så og seie rett av det ho har skreve:

Mat ein vert sjuk av:
*Grønsaker - alt i kålfamilien, turnips, reddik, neper, søtpoteter - alt må unngåast i rå tilstand (kan tålast betre kokt)
*Soya, soyaolje og tofu - noko som ein kan verte "sjuk" av i fleire veker. 
*Jod (men me treng litt jod)
*Nøtter - valnøtter, mandlar, peanøtter, pinjekjerner
*Skal ha mindre av karbohydratar og fiber
*Frukt og bær (rå jordbær, pærer, fersken og kassava)
*Hirse og bambusskudd
*Sukker
*Aspartam (bye bye Pepsi Max og Extra)
*Rapsolje
*Gluten
*Sitronmelisse 

 

Mat som vert anbefalt for oss med lågt stoffskifte:

*Antioksidantar (blåbær, kaffi, te, raudvin, mørk sjokolade -jeeeej)
* Lavkarbomat (funkar fint alle andre plassar enn heime hos mor og far)
*Omega 3
*Extra virgin olivenolje (brukast allereie)
*Biola (brukast og elskast)
*Fedon mat vert anbefalt 

Men alt dette er med måte...merkar ein at det f.eks. går heilt greit å ete brokkoli, så treng ein ikkje kutte det ut....
lista er berre ei rettesnor....




Håpar dette viste dykk lesarar at lågt stoffskifte ikkje berre er ein "unnskyldning" for å "vere feit og lat".....me kan 
faktisk ikkje noko for det.... og eg ELSKAR å trene...og ELSKAR sunn mat.... problemet er berre at energinivået
mitt dei siste 2 månadane har vore på ca 0.... Men no SKAL og MÅ eg tvinge meg i gang att med treninga.... for
eg har tru på at treninga kan løfte energien min fleire hakk....  
(Okaaaai, slutten vil ikkje midtstillast...er vel lei av alt eg skriver da:P)
Håpar de las alt folkens....da skjønnar de kanskje litt meir av kva det går i for meg....Klem

  21 kommentarer på "Lågt stoffskifte...........og takk for den fantastisk "fine" kommentaren"

Postet av: Anette
Enklere sagt enn gjort, men drit i sånne "haters", Irlin!!! Stå på!!! Heier på deg!!! God klem
24.04.2013, 23:15
Postet av: Elin
Berre drit i sånne kommentarar Irmelin. Det er berre så "1991" å skriva slikt vrøvl anonymt. Og berre det å ha slike meiningar, seier sitt om at dette generelt ikkje er noko intelligent og oppegånde menneske.

Du har ein fin og populær blogg, og eg er temmeleg sikker på at mange likar den blant anna fordi du er eit heilt normalt menneske som ikkje har ein "toppmodell-kropp" - noko dei aller aller fleste andre av oss heller ikkje har :-)
24.04.2013, 23:15
Postet av: Tingeling
Anette: Det er det eg prøver.... SKAL ikkje la det gå inn på meg... Takk Anette:) Klem
24.04.2013, 23:16
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
Elin: :) Så fin kommentar... den varmar skikkeleg:) tusen takk:)
Og det er HEILT sant...dei aller fleste har ikkje toppmodell-kropp:)
24.04.2013, 23:18
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Therese
Liker stilen din Irlin! Viktig at du kler deg som du vil! Er en grunn til at folk kommer med sånne kommentarer og det har ingenting med deg å gjøre!

Alle er nydelig uansett kroppsfasong! Sånn er livet! Det hadde vært drit kjipt om alle va like!
24.04.2013, 23:23
Postet av: Tingeling
Therese: Takk for det... eg kjem alltid til å kle meg som eg vil;) Det kan ingen forandre på:)

Heilt enig... flott med mangfold:) Takk for ein oppmuntrande kommentar:)
24.04.2013, 23:25
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: scorsese86
Du er uansett mye bedre og mer verdifull en han/hun som skrev den kommentaren. Helt tåpelig uansett.

Jeg liker denne bloggen jeg, og deg, og det er jeg nok ikke alene om ;)
24.04.2013, 23:40
URL: http://scorsese86.blogg.no
Postet av: Lavkarbotips
For en idiot kommentar..... Lett og si, men drit i slike kommentarer!!! Har fått min dose DRITT på bloggen også, men har blitt flinkere til å bare "drite i det etterhvert:) du er flott, stå på! Du har en sykfon, og kan ikke noe for at du har det. Tror ikke noe annet enn at den personen som skrev dette vrøvlet til deg, er misunnelig på deg:)
24.04.2013, 23:40
URL: http://lavkarbotips.blogg.no
Postet av: Tingeling
Lavkarbotips: Eg prøver å drite i det.....:) Den er nesten heilt prella av no pga alle fine tilbakemeldingane:)
Beundrar deg om du klarar å "drite" i det....:)
24.04.2013, 23:41
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
scorsese86: Nååååh:) Så fint skreve av deg:) No kom smilet mitt fram att:)
24.04.2013, 23:42
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Elin
P.S Gløymde å skriva at du er flink å ordlegga deg, nærast perfekt norsk rettskriving. I tillegg ser eg at du har kreative evner, eg "misunner" deg nesten der :-)

Kanskje du skulle ha brukt dei evnene til å tena litt pengar? Mange som treng hjelp til både det eine og andre, smått og stort, kva med å tilby dine tenester til folk flest? :-)
24.04.2013, 23:43
Postet av: Tingeling
Elin: Takk for det.... enkelte ord vel eg å ikkje skriva på nynorsk sidan dei blir litt for "voldsomme":P

Eg har tenkt mykje på det, og kjem nok til å utvikla ein ide' ein dag om å bruka dei kreative evnene på noko a la d du seier:) Me får sjå me får sjå:)
24.04.2013, 23:45
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Ellen Marie
Jeg sier bare en ting "tingeling", stå på! Synes du er tøff og modig og selv om det er første gang jeg er innom bloggen din så må jeg si, jeg ble inspirert! :)
25.04.2013, 00:02
URL: http://www.ellenmg.blogg.no
Postet av: Tingeling
åååh:) så kjekt:) takk skal du ha:) will do!
25.04.2013, 00:04
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tom Bårtvedt
Veit du ka!?

Drit i den kommentaren! Du er SÅ mykje betre! ;)

Du veit - Haters gonna hate!

Eg syns du klarer deg veldig bra, så fortsett akkurat sånn! ;)
25.04.2013, 01:29
URL: http://tombaartvedt.blogg.no/
Postet av: Tingeling
du har heilt rett. haters always gonna hate....tusen takk for kommentaren. den varmar:)
25.04.2013, 01:38
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Hater#100
Du blogger som du skulle være en modell. Se virkeliheten i øynene og inse at du kan ikke presse på deg klær som er for jenter som er 1/10 del av deg. Beklager å si det men du er ikke noe blomst! Du er passert 20 men prøver å kle deg som 14!
25.04.2013, 16:23
Postet av: Tingeling
Eg har aldri blogga som om eg skulle vere ein modell, og nei eg pressar ikkje på meg kle som skal vere for tynnare jenter. Sjå virkeligheten i augene du...og innsjå at eg kan kle meg akkurat som eg vil, om eg så velger å kle meg som ein 14åring eller 30åring. At du kommenterar anonymt vitna berre om at du er feig...smask;)
25.04.2013, 17:02
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • Juli 2011
  • Juni 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits