Dette håpar eg at 2013 har å by på til meg

Det er jo no eit nytt år, og nytt år kan reknast litt som ein frisk ny start og blanke ark. 

Eg har så mange ønsker for det nye året, og håpar verkeleg ein del av dei vert verkelege.

1. At alle i familien og venner holder seg friske.

2012 hadde litt for mykje sjukdom og skremmande tilfeller i seg - så eg orkar verkeleg ikkje
meir på den fronten.  Det er snart 1 årsdagen for at pappa segna om og var klinisk død - fram
til nokon fantastiske menneske fekk han i live igjen. Etter ein hjerteoperasjon har han komme
seg att - men ein kan aldri vite om det skjer igjen. I tillegg har eg to brødre som har slitt med sitt.
Please hold dykk friske. Har ikkje råd til å miste nokon.  

My cool daddy:)

 

2. Ønske om å få opp energien - ergo må eg holde treningsmengden stabil.

Eg sliter med lavt stoffskifte - noko som gjer at ein ofte har veldig lite energi. Før var eg den som 
strutta av energi - som kom av at eg trena jamnt og trutt. Med meir arbeid har treningsmengda 
minska - ergo har energien minska og. I år MÅ eg ta meg i nakken og ikkje sluntra unna 1-2 treningar
dersom eg ikkje orkar. Eg får igjen for det seinare om eg tvingar meg til å ta den treninga. Er dermed
ikkje sagt eg skal trene om eg er heilt utbrent - snakk om den "eg giddar ikkje i dag" treninga. 

Tatt på Golds gym i juli

3. Eit sunnare kosthold.

Eit kosthold som eg ikkje berre held meg til i ein månad om gangen, så sluntrar unna og tek opp att
når det passar meg. Eit kosthold er eit kosthold - som igjen er ein livsstil. Det er heilt greit å unna seg
noko ein gang i blant - men eg for min del burde holde meg unna karbohydratar i store mengdar. Reknar
med dette blir enklare når eg flyttar fra mamma og pappa, som brukar karbs som ein hovudingrediens
i dei fleste måltid.  I tillegg må eg vere flinkare til å tenke at det er heilt greit å drikke vatn og ete frukt/grønt
sjølv om andre rundt meg vel andre drikke- og matvarer. 


Noooo thanks                  Yes please:D


4. Ein fast jobb.

Planen var jo å kun bu i Årdal i sommar. Eg fant aldri ut kva eg ville i løpet av sommaren, og vart verande.  
Ikkje det smartaste trekket når det er tilsettingsstopp i kommunen. Det skal seiast at eg har ein
fantastisk familie som har hjelpt meg gjennom dette. I tillegg eg har nokon knallfine venner som har holdt meg
oppreist når eg ikkje har hatt det så bra. Kva skulle eg vel gjort utan dei? Derfor smertar det meg å tenke
på at eg må flytte på meg for å få meg jobb. På den andre sida gjer det litt godt å tenke på at eg skal vekk fra A-4 livet
eg har fått mens eg har vore her. For det er ikkje til å stikka under ein stol at livet her i Årdal er veldig A-4.
Du jobbar/går på skule, trenar/ikkje trenar, er med venner - som oftast inne og sløvar, du rånar/sit på, og i
helgane er det som oftast drikking eller meir sløving inne med venner. Wow for eit spennande liv. Eg saknar det
å kunne gå ut og f.eks. bowle, på konsertar (dette har faktisk vore bra like før jul her i Årdal), gå på kafear, restaurantar,
museum, kino - you name it. Me har jo litt tilbod her i Årdal og, men ikkje på langt nær godt nok for ei som er
så rastlaus som meg. 

 

5. Ei mindre verd der eg har alle i familien og vennene mine samla, og kan reise lett fra plass til plass;) 

(Jada, veit dette ikkje går - men er lov å drømme. + at verda har jo blitt litt mindre med dagens teknologi og
transporttilbod):)




6. Så den aller siste og mest naudsynte, men minst trulege - fred i verda.

Kvifor skal me slåss, krangle, og skade kvarandre. Me er da menneske alle samman, endog om me har
ulike meiningar og tru. Eg har ikkje tru på at me er til for å bestemme over skjebnen til andre - som f.eks.
når ein person drep ein annan. Tenk så mykje bedre verda hadde vore å leve i dersom ein slapp å gå rundt
og vere redde for kvarandre:) One Big Happy Family:)  




Dette vart eit laaaaangt innlegg, som sikkert 99% av dykk ikkje giddar å lese - men det var godt å få det ut likevel:)

Har de nokon ønsker for kva de vil 2013 skal gi dykk?

Klem fra Tingelingen:)


  21 kommentarer på "Dette håpar eg at 2013 har å by på til meg"

Postet av: IamNicole
Dette er gode ønsker for 2013 :) Ha et fortsatt godt nyttår :)
05.01.2013, 18:09
URL: http://jenteblogg.com
Postet av: hamsterhome
Så fin blogg♥ Håper du vil ta en titt på min blogg:)

Ha en strålende dag;)
05.01.2013, 18:10
URL: http://hamsterhome.blogg.no
Postet av: Tingeling
IamNicole: Takk:) Godt nyttår til deg og:)
05.01.2013, 18:22
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
hamsterhome: Takk det samme:)
05.01.2013, 18:22
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • Juli 2011
  • Juni 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits