Heime fra Alanya - sukk.

No er me da vel heime att fra Alanya. Huttetu for ein tur det vart. 
Mykje action og ting som aldri i verda hadde skjedd heime, men 
likevel har eg like fullt lyst å tilbake med det samme.  

Me var 5 stk som reiste i lag - men sidan eg hadde bestilt billett
seinare enn dei andre havna eg på eit anna hotell, ikkje så langt unna -
og eg måtte ta flyet til og fra Alanya på eit anna tidspunkt enn dei.

Flyet mitt fra Norge var såklart nokon timar forsinka, så eg kom fram
til Alanya kl 6 om morgonen:P Ikkje var det råd å sove på bussen fra
flyplassen til hotellet heller, for guiden bestemte seg for å snakke
i 1,57 min av 2 timar. Ugggg.

 

Etter eit par timar søvn reiste eg opp til dei andre - eg var klar for litt steiking
ved bassenget - meeeen, aller først reiste me jentene på
tyrkisk spa - Hamam - for å fjerne all daud hud. Hadde me vist det
vart så lang ventetid hadde me aaaaldri gått inn dit. Uansett var det
vel verdt det, me var glatte som babyrumper da me gjekk derfra.




Etter Hamam gjekk me på naborestauranten og åt lunsj. Her vart me
inviterte tilbake om kvelden, dei skulle betale for taxi dersom me kom.
Eg angra ikkje på at me åt der, for var god mat, drikke og service. Etter
mat var det ut på byen - å hjelpes for ein bytur det vart. Alle var gode
i gassen og kvelden enda med at dei 2 para krangla, mens eg stod i midten
og ikkje viste kor eg skulle gjere av meg. Mens eg står der og ikkje veit
kva eg skal gjere, griper nokon tak i meg og drar meg mot seg.
Eg skvatt sånn at eg holdt på å smelle til vedkommande. Det viste seg
å vere ein eg vart kjent med for 3 år sidan da eg var i Alanya sist. Puuuh. 




Første kvelden la liksom ein dempar på resten av veka - for etter alt som
skjedde holdt me litt tilbake med festinga. Var kun eg og søta mi Angelica
som ønska å ta heilt av dei andre kveldane og.

 

Eg og Angelica reiste forøvrig ut aleine ein kveld og - noko som var knallartig.
Kvelden enda kanskje ikkje så kjekt, sidan ein innpåsliten fyr holdt på å banke oss
opp pga min rappkjefta munn. Lærte virkelig mykje da ja.




Ellers så kan jo eg fortelle litt småhendingar - ikkje så utfyllande som ovanfor.
Me var i Aqua Park - ikkje så alt for stort, men ganske artige sklier. Her var det
ein ekkel gammal fyr som stilte seg ved sidan av meg og skulle absolutt
bli avbilda med meg i bikini. Heldigvis stilte eine guten i reisefølget seg framfor meg
slik at fyren ikkje fekk tatt bilde.  

Eg vart betatt av resepsjonisten på hotellet mitt. Så skjøøøønn - skulle ønske det
fantes sånne som han i Norge og, sukk. Facebook er i mellomtiden ein fin ting.
Einaste ulempen er at han jobbar og er pålogga om natta. Nokon som sa
mørke ringar rundt augene heretter? Haha.  




Ellers tok eg min første tatovering der nede og - ein søt bamsedjevel:) 

Mine innkjøp her nede, nokon som ser kva for fargar det går i hos meg for tida?

Eg vil tilbake til Alanya nuuuuuuu. Sukk

Trur eg får starte kronerulling, eller kanskje det finnes nokon gavmilde sjelar der ute? 


  21 kommentarer på "Heime fra Alanya - sukk."

Postet av: hestiaverden
Alanya var så BRA!!! Ikke rart du vil tilbake igjen. Jeg var der i sommer og hadde en flott tur. Riktignok med familien min (Gubben og Tenåringen), men vi hadde det kjempekjekt, alle tre.

Ha en fortsatt fin torsdag.

-klem-
13.09.2012, 12:59
URL: http://www.hestiaverden.blogg.no
Postet av:
Oh ferie !! Kjipt å være hjemme igjen fra noe man liker
13.09.2012, 13:54
URL: http://synnove1.blogg.no
Postet av: Agdenes
Borte bra, hjemme best! (:
13.09.2012, 14:09
URL: http://torunntangen.blogg.no
Postet av: Merethe
Det så ut som en herlig tur :-)
13.09.2012, 14:14
URL: http://merethebr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
Merethe: Heilt fantastisk
13.09.2012, 20:45
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
Torunn Tangen: Neeeeei - vil tilbake nooo
13.09.2012, 20:46
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
Anonym: Ja gjett om;)
13.09.2012, 20:46
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
hestiaverden: Akkurat;) Så turen går nok snart dit att:)
13.09.2012, 20:46
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: elin
Tyrkia er blandt verdas flottaste land ^^

og alanya er jo så ein flott by. Men om de reiser for fyll å fanteri, hadde eg anbefalt Marmaris :-) hugsa ikkje heilt k hotellet me låg på heitte, men va heilt rått der nede ^^
18.09.2012, 14:05
URL: http://www.elinmorkrid.blogg.no
Postet av: Tingeling
elin: Hmmm, e du sikker på at du ha vore i Alanya?:P eg elska plassen og kjeme til å reise dit igjen, igjen og igjen:)
19.09.2012, 01:24
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • Juli 2011
  • Juni 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits