Endeleg ferdig med rommet:)

Nokon som fekk med seg innlegget der eg skreiv eg var 
byrja med oppussing av rommet mitt? Om de fekk det med
dykk eller ei, så skal de få sjå nokre bilete av korleis det såg
ut (litt amputert sidan eg allerede hadde fjerna inventar o.l.):

 

Det trengtes verkeleg å pussast opp. Sånn ser rommet mitt ut no:) Med inventar:)

 

 

 

 

Lyst og fint - med mine favorittfargar: Kvit, grå og lilla:) Eg har mala veggar og
diverse møblar, mens pappa har lagt golv og montert lister. Mamma har bidrege
med litt maling + lagt opp gardinene mine:) 

Fine sengekroken min:) 

Denne pulten var før trekvit - vart mykje finare med kvit farge og dei nye knottane.
Dei har eg skreve om i dette innlegget:  
http://tingelingstaleroyr.blogg.no/1338749829_knottar_til_kommoden.html

Denna spegelen var før gusjegrøn. Eg malte den først svart, før eg tok eit strøk
med grå og pussa den litt med sandpapir - litt kul effekt. (Ja eg veit spegelen
må vaskast). Ellers henger mine fine hjerteknaggar på veggen og husar
smykka mine:)

Armband og øyredobbar. Til armbanda har eg brukt ein gammal vinkasse:)

Ringane mine, i fine små korger fra Søstrene Grene.

Tvbenken min som var trekvit før - no malt fin og kvit - skal også få ny knott. 
I hjørna kan ein skimta litt av stasjet eg brukar til scrapbooking og kortlaging.

Bokhylla med min rosa sparegris og favorittbøkene mine + dvd-hylla med
favorittfilmane/seriane mine. (Kan nemleg ikkje sette opp alt sidan planen
er å flytta etter nyttår)



Klesskapa mine med dei dyrebare kleda og skoa mine:) (Og ein kan
skimte meg i kroken;))

 

Kva syns de? Eg vart kjempe nøgd med oppussinga:) Two tumbs up:)

 

Stor klem fra meg
 




 

 





 


  21 kommentarer på "Endeleg ferdig med rommet:)"

Postet av:
Det ble kjempefint :)
30.08.2012, 21:33
Postet av: photographs
wow, utrolig fint!! :o (:
30.08.2012, 21:45
URL: http://photographs.blogg.no
Postet av: Mia Marlen Hansen - kommenterer alltid tilbake!
Kjempefint rom! :)

Koselig med kommentar tilbake! :)
30.08.2012, 21:48
URL: http://miaamaa.blogg.no
Postet av: Thea
Woow!det var veldig fint :-)
30.08.2012, 22:09
Postet av: Tingeling
Takk folkens:)
31.08.2012, 09:05
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • Juli 2011
  • Juni 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits