Kvelande ensomheit.

I dag kom den følelsen snikande inn på meg att. Den har vore der heile tida og
trua med å komme fram att - men eg har hatt herlege venner og familie
rundt meg heile tida som har sørga for å halde meg flytande og sørga for at eg
ikkje fekk kjenne på den kjensla. Men i kveld da eg gjekk på tur med hunden kjente
eg på den att - vondt i magen, brystet, bak augene, og den kvelande kjensla i halsen
som omtrent får meg til å stoppe å puste. 

Grunnen til at eg ikkje har kjent dette på lenge, er at tida mi har vore fylt opp med jobb, 
trening og venner - så dei "sekundane" eg har hatt sjans til å kjenne på korleis eg faktisk 
har det, har eg vore for utmatta til å ta inn over meg noko som helst anna enn å berre eksistere.

Nokon av "teikna" til at denne ensomheita heile tida har vore inne i meg, er at eg 
har vore på fest kvar helg - eg hungrar etter anerkjennelse - og føler meg mykje 
tøffare og betre når eg er har litt alkohol innanbords. Sånn skal jo det ikkje vere.
Nettopp denne helga er eg ikkje på fest - og det er kanskje litt av grunnen 
til at ensomheita kom krypande no. (Og Ane, ikkje tenk tanken at eg fekk denne 
følelsen fordi du reiste heimatt - du e ein av dei som har holdt håve mitt over vatnet) 




Eg tvilar på at dei rundt meg veit korleis eg faktisk har det. Eg har vorte superflink
å "klistre" på meg eit smil, og automatisk avlevere svaret "eg har det supert eg", når 
eg vert spørt om korleis eg har det. Egentleg skriker eg innvendig at eg faktisk ikkje
har det bra - problemet er berre at eg føler at eg ikkje har lov å føle det sånn lengre. 
At no er det på tide å vere den sprudlande jenta som alle kjenner til. Men jenta som står 
bak kassen på Mega skjular egentleg berre tårene bak det breie smilet. 

Følelsen av å vere ensom vert ekstra sterk da "alle" rundt meg går heim til nokon,
og kan vere to. For eg er berre meg - heilt aleina.  I tillegg til dette, er snart sommarjobben
over - om to veker står eg på bar grunn att - kva skal eg ta meg til da? Å finne seg ein
jobb her i Årdal er vanskeleg - spesielt no når det er tilsetjingsstopp i kommunen.

Når skal vegen min byrja å gå rett fram? Når skal ting gå på skinner for meg? Eg
er lei av å alltid måtte kjempe for å ta eit skritt fram - no vil eg rulle framover som på
rollerblades og!!! 


  21 kommentarer på "Kvelande ensomheit."

Postet av: Angelica
nååh, vennen min <3

vist d e noko du vil prata om så ring meg el noko! stille alltid opp for gode venne.

glad i deg <3
04.08.2012, 23:56
URL: http://www.angkiv.blogg.no
Postet av: Tingeling
Angelica: Takk vennen<3 eg veit d - du e nok ein av dei herlege som e nevnt i detta innlegget. masse masse glad i deg <3
04.08.2012, 23:59
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: titusentanker
Så vondt å lese. Alikevel skriver du så fint, jeg bare lever meg rett inn i det. Ensomheten er alltid trist. Ingen kan forvente at du bare skal komme deg over ting, selv om det har gått en stund. Alle må gjøre ting på sin måte, i sitt tempo. Følelsene dine kan du ikke bestemme over. Når du minst venter det begynner livet ditt å rulle igjen og. Alle har motgang, det er sånn man greier å sette pris på det gode, men en gang burde motgangen ta slutt. Det er bare en viss mengde man takler på en gang. Vi er bare mennesker, og det er naturlig å føle seg trist av og til.
05.08.2012, 00:01
URL: http://titusentanker.blogg.no
Postet av: Angelica
<3<3
05.08.2012, 00:02
URL: http://www.angkiv.blogg.no
Postet av: Tingeling
titusentanker: Takk for det. Var godt å lese kommentaren min - følte meg litt mindre ensom da
05.08.2012, 00:03
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
Angelica: <3 <3
05.08.2012, 00:08
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Anette
Uffa, dette var trist, Irlin! Men håper vi kan gjøre litt med den følelsen om to uker! Da skal vi i alle fall kose oss sammen på håndballbanen! Veldig glad for at du blir med å spille! Og for oss er du alltid en motivator og gledesspreder! Klumpen i magen kommer seg etterhvert skal du se!
05.08.2012, 00:24
Postet av: Tingeling
Anette: Handball og herlege lagvenninner hjelper alltid masse. Gjelder berre å ikkje la tankane få kverna for mykje - da går det bra:) Gleda meg så masse masse til å spele. Handball i mitt <3
05.08.2012, 00:26
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: regnbueblomst
Og i kveld sit eg aleine. Eg har sambuar, men vi har krangla og han stakk ut med ein kompis no. Det vil seie, eg jaga han ut. Det kjem nok til å gå bra, vi har det veldig fint ellers, og eg skal ikkje prøve å sei til deg at du er heldig som berrre har deg sjølv å tenke på! Men eg var singel i mange år før eg traff min Tore. Frivillig singel, eit år i sølibat fordi eg var lei av idiotar, men tilslutt fann eg min likemann! Og berre vent, kjære du! Du er fortsatt ung! Han, med stor H, kjem til deg en dag! Berre vent og sjå! =) Eg var 30 år da eg fant min! =)
05.08.2012, 00:26
URL: http://www.regnbueblomst.blogg.no
Postet av: Tingeling
regnbueblomst: Har vore frivillig singel i fleire år pga eg berre treffer idiotar - og trudde virkelig eg hadde truffe "the one" i haust. Flytta inn til han i mai - 2 veker etterpå flytta eg ut att.
05.08.2012, 00:28
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: regnbueblomst
=( det fins så altfor mange idiotar... :( skulle ønske noken kunne finne på en idiot-alarm!
05.08.2012, 00:34
URL: http://www.regnbueblomst.blogg.no
Postet av: Tingeling
regnbueblomst: Heilt enig - for eg trur jammen eg klarar å treffe på dei alle sammen
05.08.2012, 00:37
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Agdenes
Du er hjemla god til å skrive! Og nynorsk er vakkert. Håper at du vil gå over til 100% nynorsk.

Gnatt til deg!
05.08.2012, 01:22
URL: http://torunntangen.blogg.no
Postet av: Tingeling
Torunn Tangen: Takk for det. Tanken e at eg skal skrive 100% på nynorsk - men e nok litt rusten. Full skjerpings her:)
05.08.2012, 10:19
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
regnbueblomst: Skulle sjå at det hjalp å lese din kommentar - ikkje min:P hehe
05.08.2012, 10:26
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • Juli 2011
  • Juni 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits