I've had the time of my life...

... og så veit alle korleis sangen fortset videre - sant?:)

Eg har vore i Kongsvinger i helga, og virkeleg storkosa meg. Så mykje action
har eg ikkje vore borti på evigheta, og så mykje har eg ikkje kosa meg på
leeeenge (eller ca 1 mnd:P)

Grunnen til at eg var på Kongsvinger var rett og slett for å besøka ein HERLEG
fyr. Kan fortelle litt om helga, så får de som faktisk gidda å lese bloggen min, noko
nytt å kvila augene på. Torsdag kom eg så seint fram at det var ikkje så mykje på programmet,
anna enn å finna puta:) Fredag skulle me grille (ja du las riktig) - men det var ikkje
så bra vær - dermed flytta me kalaset innandørs.

Den herlege fyren (nei de får ikkje vite navnet:P), lagde i stand fløytegratinerte poteter,
svinefilet fylt med ost, løk, kvitløk og krydder, mais og champignon kokt i fløyte og
smør. Finn fram slevekluten folkens - for det var faktisk enda meir godt enn det høyres ut som.

Så samla me oss ein fin liten gjeng hos ein av kompisane til den herlege, og åt mat
og hadde litt godt i glaset - litt for godt for min del - fy da Irlin:P (Me hadde teke oss
ein tur til nabolandet vårt før på dagen og handla oss litt flytande). Anyways, i løpet av kvelden
så oppdaga eg i vertfall fort at han herlege har lika herlege venner:)

Ein annan ting eg oppdaga i løpet av kvelden er at eg kan virkeleg mislike
folk sterkt, før eg faktisk har møtt vedkommande. Eine kompisen til han herlege sliter
litt med x-dama. Ho er småsprø i håve, og tullingen er fortsatt forelska i galnesara - god
kombo gitt. Er ikkje han eg mislikar - men x-dama......

Resten av kvelden var ganske artig, men vart avslutta tidleg sia eg ikkje klarte å
begrense meg:) Kanskje like greit når LMFAO og Im sexy and I know it - fiksa underholdning
for oss. Skulle så gjerne ha lagt ut video når han eine stod i boxer og
dansa til sangen. Dei som har sett musikkvideoen skjønnar at dette
ikkje var noko pretty sight:) (På den andre sida - så var det hysterisk morsomt)

Dagen derpå var eg jaggu ikkje høg i hatten. Fraus sjøl om eg dusja med kokvarmt
vatn, satt fullt påkledd med pledd + fyr i ovnen. Men, eg har til DEI GRADER
blitt skjemt vekk i helga - for han herlege fylte i badekaret og tvinga
meg oppi (nei eg hadde først ikkje lyst å bade) - men det gjor underverker
for min dagen derpå form:) Thank you kjekken:)



Laurdagen prøvde me faktisk å grille - men all maten utenom
pølsene vart kasta:( Så me bevegde oss innandørs denne kvelden og.
Turen gjekk til to kjempekoselege jenter - Tone og Arzo (?sorry om eg
har skreve navnet feil - eg veit ikkje korleis det skrives) - der me
vart ein enda større gjeng enn kvelden før. Etter litt musikk og mat (for
vertane sin del) - slo me til med drikkeleiken "Eg har aldri". Der kom
det fram litt av kvart ja:)

I løpet av kvelden var det forøvrig fortsatt hakk
i plata for han som er forelska i x-dama si. Det enda med at eg lagde
ny drikkeleik - me måtte drikke kvar gang han sa navnet til x-dama. Du
kan kanskje gjette at drikka forsvant ganske fort. (Eg har høyrt ein del
ting om ho dama fra førstehåndsinfo - som gjere at eg ikkje lika ved-
kommande - men det passar seg ikkje å legge ut her).

Rundt midnatt ville me på byen (ikkje alle, berre nesten), og dura nedover
i taxi. Inne på uteplassen var det bra dansemusikk, og da rykker
det i beina mine - så var omtrent heile tida på dansegolvet. Jaggu meg
joina ikkje han herlege etterkvart og - sjøl om han påstår at han
ikkje dansar på byen. Me hadde det knallmorsomt - ikkje minst når
han herlege blir "tørrpult" av ein venn som er homofil. Da var det 
like før eg tissa meg ut av latter. (Det er ikkje sikkert de som leser
synes dette er morsomt da, men der og da var det hysterisk).

Opp på "scena" og vise oss fram litt måtte me og.
Der oppe fekk eg forøvrig eit glas med øl over meg - var iiiiskaldt til
å begynne med - men eg lar ikkje det øydelegge moroa for meg also:)
Det som forøvrig irriterte meg så smått - var at galnesara (les: crazy x-dame)
måtte poengtere at ho hadde fått ein liten flekk med øl på seg ho og - mens
eg va blaut fra haka og ned til navelen:) (Ja, ho var på samme uteplass som
oss.... og eg sleit godt for å ikkje la min meining om vedkommande komme fram).


Outfitet for kvelden (ja fortsatt harry bilder) - eg ELSKAR dei fjærøyredobbane:)
Du kan tenke deg sjøl kor lekker denne kjolen var i blaut øltilstand:P

Etter ei stund vart det litt mykje bråk og politi, så eg og han herlege fant ut at me
skulle reise. Meeeen, ikkje før han fekk introdusert meg til tidenes beste
kalasmat...... potetbakaren sin bakte potet med smør, skinke, ost, mais og
dressing. YUUUMMY:)

Og såååå var me komme til søndagen:P (Me hoppa over litt sånt som ikkje
er så veldig viktig å dele med alle andre). I dag har eg og han herlege
brukt på berre kvarandre... viktig å ha det litt kos før ein skal reise att,
og det teke litt tid før ein får sjå den andre igjen.

Må sei at eg ikkje hadde mykje lyst å stikke heim til Bergen igjen. Før eg
reiste fra leiligheita til han herlege (som var så snill å både hente og køyre
meg til Gardermoen) - så la eg ein liten overraskelse under puta hans.
Kan ikkje røpe kva det er, tilfelle han leser dette før han får sett det.
Han er nemleg så flink og hjelper til med å flytte i kveld - så stakkaren
er heilt utslitt. Du er heilt FANTASTISK:)

Eg må få sei igjen at vennene hans var heilt fantastiske dei og. Vedkommande
som sliter med å komme over x-dama..... han er ein herleg kar han og, men han
trenger virkelig å komme seg over den dama..... sukk.

Gledar meg til neste gang eg skal bort dit. (Har dessverre ikkje nokon bilde fra
helga...så får legge til nokon random bilder)

Håpar de andre der ute har hatt ei like herleg helg som meg:) Kos og klem
fra ei happy happy Tingeling:)

 


  21 kommentarer på "I've had the time of my life..."

Postet av: Adrianna
for en hærlig header du hadde:)
31.10.2011, 02:28
URL: http://adrianna.blogg.no
Postet av: Tingeling
Adrianna: Takk for det:) Er veldig fornøyd med den sjøl:)
31.10.2011, 15:18
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • Juli 2011
  • Juni 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits