Tjuv på ferde

Skulle egentleg skrive dette innlegget i går, men da hadde eg ein totalt daffedag,
og gadda rett og slett ikkje skrive noko. But, here we go

Laurdag var eg og ei venninne på Sartor kjøpesenter på Sotra. Eit supert kjøpesenter
som har akkurat dei butikkane ei jente kan drømme om - under eit og samme tak.

Eg handla faktisk ikkje så mykje - ikkje fordi eg ikkje ville, men eg har jo ikkje all verdas
peng + at eg har blitt litt meir fornuftig med tanke på pengebruk:) Thumbs up for meg.

Me kosa oss på cafe', og eg handla eit par julegaver, ein gensar og eit par sko (som
eg har leita etter i evighetar no). Eg kan ikkje akkurat ta bilde av julegavene, og skoa
var berre eit par svarte wedges og gensaren svart med gjennomsiktig bakdel:)

Uansett, her kjeme me til poenget med heile blogginnlegget. Me gjekk mot
bussholdeplassen og diskuterte kor typisk det var av oss å miste bussen.
Denne gangen var me der i god tid, og satte oss ned på ein benk for å skravle...så
kom det ein buss som det sto "Busstasjonen" på, så me reiste oss for å ta den,
men den gjekk såklart ikkje likevel.

I det me begynna å snakke om skoa eg hadde kjøpt meg, la eg merke til at eg mangla
ein pose - posen med skoa så klart! Eg leita febrilsk rundt meg, og sprang rundt og såg
på benkane om nokon kanskje hadde tatt den med seg. Neida, eg sprang inn
på doen, der me var like før me skulle gå til bussen, og ringer til venninna mi da eg ikkje
finner posen der inne heller.

Så viser det seg at ein mann hadde sett ein fyr tatt posen min, han beskreiv korleis fyren såg
ut. Joda, eg hugsa han - ein fyr som såg rusa ut og gjekk rundt på bussholdeplassen med
ein stor rottweiler i band. Så eg sprang ut att på bussholdeplassen for å sjå om fyren fortsatt
var der.

Så såg eg plutselig han fyren kom gåande over gangfeltet mot bussholdeplassen. Eg la på
sprang - skoa skulle eg ha tilbake. Kom fram til han og spurte om han hadde skoa mine.
Hunden byrja å hoppe på meg uten at fyren gjor noko med det. Han spelte uskyldigheita sjøl -
men eg fekk til slutt skoa mine.

I etterkant har eg tenkt over at eg kanskje burde tenke meg litt om før eg gjere noko. Det er
kanskje ikkje det luraste å springe mot ein fyr som nettopp har tatt skoa dine, som er rusa,
og i tillegg har ein stor rottweiler. Det kunne ha enda gale, men det gjor heldigvis ikkje det.
Eg skuldar på adrenalinkick, og min vilje til å ville ordne opp sjøl:) OG JA, me mista bussen:)

Eg tenkte eg skulle finne bilde av kleda på nett - men dei var ikkje å oppdriva - så da får eg
finne noko anna:)

Bilde av meg og bebisen min. Tenk at i morgo skal eg heimatt til denne herlege skapningen,
som elskar å sitte på fanget inni jakka mi når det regnar.




  21 kommentarer på "Tjuv på ferde"

Postet av: Amichi
Dumt av folk å stjele. =s
10.10.2011, 16:32
URL: http://amichi.blogg.no
Postet av: Tingeling
Amichi: Jepp er nok det. Men enkelte har ikkje "bedre vett" enn å gjere det.
10.10.2011, 16:35
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: lcemberland
Herregud så frekke enkelte er, rusa eller ei! Men ja, greit å være forsiktig i slike sammenhenger, vet aldri hva som kan skje.
10.10.2011, 16:42
URL: http://lcemberland.blogg.no
Postet av: lurven94
Modig du er da! hadde ikke turt og løpt etter den mannen, så vet ikke hva jeg hadde gjort :S fin blogg :) hyggelig med en komentar tilbake :D
10.10.2011, 17:03
URL: http://www.lurven94.blogg.no
Postet av: travlehverdager
Ja, i ettertid er det lett å tenke på ting man ikke burde ha gjort. Den etterpåsklokskaden, vet du. ;-)

Men nå gikk det veldig godt, skoene kom tilbake og du/dere er bedre til å passe på fremover. Vinn, vinn!! :-D
10.10.2011, 18:28
URL: http://travlehverdager.blogg.no
Postet av: Tingeling
lcemberland: Eg veit.... handla på impuls veittu....
10.10.2011, 20:20
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
lurven94: eg tenkte ikkje når d kom til situasjonen, eg skulle ha skoa mine tilbake....
10.10.2011, 20:21
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
travlehverdager: Jepp:) kom berre godt ut av det:) men tvilar på eg ha lært meg å tenke til ein evt. neste gang:P
10.10.2011, 20:21
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: geir
fin hund;)
12.10.2011, 23:43
Postet av: geir
söta
18.10.2011, 23:29
Postet av: Tingeling
geir: Så klart e ho fin.... ho e jo min lille bebis;)
18.10.2011, 23:31
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/
Postet av: Tingeling
geir: kjekken:)
18.10.2011, 23:32
URL: http://tingelingstaleroyr.blogg.no/

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




her kan du skrive hva du heter, hvor gammel du er og hva bloggen din handler om. min offisielle blogg kan du finne her.

arkiv

  • August 2013
  • Juli 2013
  • Juni 2013
  • Mai 2013
  • April 2013
  • Mars 2013
  • Februar 2013
  • Januar 2013
  • Desember 2012
  • November 2012
  • Oktober 2012
  • September 2012
  • August 2012
  • Juli 2012
  • Juni 2012
  • Mai 2012
  • April 2012
  • Februar 2012
  • Januar 2012
  • November 2011
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • Juli 2011
  • Juni 2011

  • kategorier

  • Artige arrangement
  • Blogg
  • Broderi
  • DIY
  • Klemekking
  • Luksus vs budsjett
  • Outfit
  • Reise
  • Salg av kle/sko
  • Scrapping
  • Shopping
  • Tingelings draumehjørne
  • Videoblogg
  • Wants

  • lenker

  • blogg.no
  • Cathrine jenta:)
  • Få din egen blogg!
  • Ingrid sin blogg:)
  • Nina mi sin hobbyblogg

  • designet er laget av:

  • caroline maria bloglovin


  • hits