Flyttesjau.

Ingen bilder i dag - beklagar:P Ellers hadde de fått sett haugen som skal
inn i flyttebilen på fredag.

Driver å pakkar for harde livet - og skal bli godt å bli ferdig. Eg ha alltid vore
den som hatar å pakka nedi - men elskar å pakke opp att. Så skal nok
gå fint dette;)

Kjenner d svir langt inn i hjerterota å skulle reise fra fine, vakre Bergen min.
Men eg er ikkje ferdig med byen, langt i fra. Innerst inne veit eg at eg ein dag
skal bu her att:)

 

Så vil eg berre sende litt solstrålar og varme tankar og klemmar til alle som
har det litt mindre greit der ute no - de veit kven de e.

 

Tingeling.  

Asosial "nerd" og ein artig plakat

Jaja folkens. Da er det faktisk over to mnd sidan eg skreiv forrige innlegg. 
Mange faktorar spelar inn på kvifor det vart slik. Null inspo, null å skrive om,
og sist, men ikkje minst.... ein skulearbeidsmengde på høgde med Mt. Everest.

Ute er det no blå himmel og strålande sol. Sidan eg får lyst å finne på alt mogleg
anna om eg tar turen ut og gjer skulearbeid, har eg rulla ned persiennene.
Det er beklageleg, men sant:( Sukk.

I dag har eg lyst å dela noko eg oppdaga ein dag det var sol slik som no, einaste
forskjellen var at eg var ute og gjekk og tok vare på augeblikket. Denna moro
saken er ikkje lett å sjå, men skal forklare så godt eg kan.

Fyrst eit bilete:

Detta biletet er då teken på Danmarksplass - og plakaten er no bytta
ut med ein annan plakat. 

Uansett så ser denne plakaten ved første aukekast ut som ein vanleg
reklameplakat for leskedrikken Sprite. Der kjem fyrste "feilen" - for det
står nemleg "Spirit" og ikkje Sprite. Dersom ein tenker fortsatt i den
leskande kategorien - så betyr jo dette alkoholdrikken som alle 
kallar sprit (heimebrent:P - osv). På den andre sida har denne plakaten
eit lite emblem nederst til venstre som ikkje alle dykk lesarar kan sjå, 
men der er altså det raude emblemet til Frelsesarmeen. 

Under "Spirit" står det også eit utdrag frå Bibelen - noko sånt som:
La dei tørste komme til meg, sa Jesus. Så skal de få stille tørsten.
(Ja eg veit eg ikkje kan dette her - dette er fritt gjenfortalt når eg ikkje
klarar å hugse kva som står).

Med dette kan ein jo trekke visse konklusjonar. I kopling med den
alkoholholdige drikken spirit og bibelverset (+emblemet), så vert
jo eigentleg dette hysterisk morsomt. Jesus deler ut heimebrent
til dei tørste:) (Ikkje ta dette som noko spotting av Gud og dei kristne -
det er berre uskuldig moro).

Likevel vel eg å tru at Frelsesarmeen ikkje tenkte i denne bana då
dei hengte opp plakaten i glaset. På den andre sida har dei kanskje
vortne gjort merksamme på dette sidan plakaten no er fjerna.

 

Ha ein fin solksinndag. Klem fra Irlin 

 

Salg av kle, sko og accessorice



Eg har rydda godt i kleskapet, skohylla og i smykkeskrinet.
Det er litt greit å få ut ting ein ikkje har brukt - i vertfall når ein snart
skal flytte. SÅÅÅÅ, dei ttinga eg legger ut for salg er som sagt ubrukte - så veit de det :)

Så ta ein titt om det er noko som fell i smak, og legg att ein kommentar
med mailadresse og kva de har lyst på, så kontaktar eg dykk. Frakt vert
betalt av mottakar - fastpris alt etter kor mykje som skal sendast: 29,- , 49,- 
og 99,- er fastprisen eg tar for å sende pakkane.


Tskjorte med trykk - Outfitters Nation - Str M - 100% bomull - 100kr


Topp med knyting i armane - Bik Bok - Str L (liten str) - 100% polyester - 100 kr


Lang skjorte - lengre bak (fekk ikkje noko bra bilde av skjorta i heilfigur) -
Vila - str XL - 100% viskose - 150kr


Grå chinos - Jeane Blush - str XL - 100% bomull (ikkje stretch) - 100kr



Beige chinos med "strikk/rynker" nede i beina - Fresh Spirit - str 46 - 100% bomull - 150kr


Highwaist bukse, svart med knappar og knytebelte i livet - Sara Kelly -
str 42 - 100% polyester - 150kr


Svart "strikka/hekla" gensar - Club L - str 14 - 150kr



Jeansshorts - Vero Moda Jeans - str W31 - 100kr


Jeansshorts - Vero Moda Jeans - str W31 - 100kr


Grå shorts med oppbrett på beina - Fresh Spirit - str 44 - 98% bomull 2% elestan
- 150kr


 
Sandalettar - str 39 - 150kr

 

 

 


Skolettar - str 39 - 150kr



Ballerinasko - str 39 - 200kr


Hjertesmykke med nydeleg lillafarge - 75kr (kort smykke)


Langt smykke med nydelege detaljar - 100kr


Armband med charms - strikk - 75kr


Ring i plast - str M/17 - 75kr


Ring i plast - str M/17 - 75kr


Ring i "gull" med svart stein - str M/17 - 75kr




Stor ring i plast - str S - 75kr




Ring i antikk gull med burgunder stein - str M/17 - 75kr

 

Håpar de finner noko de likar:) Fyll opp kommentarfeltet:) 

Kos og klem
























 


 

Pimp my SHOES

Jepp, de las rett - ikkje pimp my car, men pimp my shoes.

Eg eeeeelskar å drive med dill dall - og eg crava etter å få drive
med noko nytt. Vart inspirert av ein annan bloggar som hadde tenkt
å sette steinar på skoa sine - såklart måtte da eg og prøve det samme.

Eg må berre sei - I LOVE MY NEW SHOES:)

Dei er ikkje 100% ferdige enda - for steinane skal få seg eit lag med hobby-
lakk for å ikkje verte stygge så alt for fort. Folkens..... Watch and enjoy:)


Heilt ordinære svarte lakkpumps fra Blink.


Undervegs:)

Endeleg ferdig å setje på alle steinane på eine skoen:

Framme



Ovanfra


Innsida (det ser ut som det er noko kvitt mellom steinane - men det må vere gjenskin
fra steinane eller noko - for eg ser det ikkje med mitt blotte auge på skoen i real life)


Utsida


On my foot *lykke*

Kva synes de folkens?

Browniescupcakes

Vakna i dag av at eg lukta sjokoladekake - men det skulle vise seg
at nasen min kun hadde spelt meg eit puss. På kjøkkenet var det absolutt
ingen sjokoladekake.

Eg tenker det at når ein klarar å lukte sjokoladekake utan eit gram med
sjokolade i nærleiken, så må ein nesten følge den sterke drifta, og kjøpe
seg litt sjokolade. Dette vart da til at eg kjøpte sånn toropose med brownies-
pulver???

Ikkje hadde eg noko plate/brett å ha kaka i (eller er det på?:)) så da fekk det
verta cupcakes. NOMNOMNOM

Blei best når eg steikte dei i kun 20 min - for da vart dei litt seige og gode inni.
Fantastisk godt med friske bær (eller opptina) ved sidan av:)



 

Det kreative hjørnet - 2 nye kort

Fekk forespørsel for eit par veker sia om eg ville lage bursdagskort
til eit tvillingpar. Så klart vil eg det - lage kort er knallgøy. Så her
er resultatet:

Det første kortet var litt mørkt, men ein ser kva det går i:)
Dei måtte nesten få eit kort kvar sidan dei er to forskjellige
individ:)



 

Middelaldrande = likegyldig?

Eit lite "kjefte"innlegg i dag, eine og aleine fordi eg ser meg lei på?.. ja?..
akkurat det skal du få lesa om vidare i innlegget.

Eg bur i Bergen, og brukar omtrent dagleg å ta Bybana . Denne bana (trikken)
går i "rykk og napp" noko som gjer det vanskeleg nok for meg som ung og "sprek"
å klara å balansere trygt i, dersom eg står under turen. Korleis er det da for dei
eldre som ikkje er like spreke, eller folk som har ein skade/handicap?


(Link til nettstad dersom ein klikkar på bildet)

Noko eg stadig vekk høyrer er: "Dagens ungdom, dei er så frekke",..."dei tar
lite hensyn" ++++ Er dette verkeleg tilfelle, sidan eg gang på gang får motbevist
dette når eg tek Bybana. Ja, det finnes mange ungdommar som ikkje tenker på
anna enn sitt eige velvære, men eg ser mykje oftare at det er dei godt vaksne
som er mindre omtenksomme.

Eit eksempel var for to dagar sidan da eg skulle ta Bybana til skulen. Denne dagen
mens eg stod og venta på Bybana, var det ein eldre mann med stokk prøvde å kjøpe
seg billett. Bybana skulle komme kvart augeblikk ? og automaten nekta å ete i seg
pengane til mannen. Eg tok meg sjølv i å planlegge korleis eg skulle få holdt att
Bybana sånn at mannen kom  seg med. Heldigvis slapp eg å prøve det ut i praksis,
sidan han klarte å få kjøpt seg billetten før Bybana stoppa.

Inne på Bybana stod det ei godt vaksen sprek dame som prøvde å få scanna inn
kortet sitt, mens den eldre mannen fortsatt stod og venta på å få gjort det samme.
Det var ein ledig plass som eg kunne sjå ? joda? i staden for å la den eldre mannen
med stokken få setje seg ned der? tok såklart den spreke dama plassen. Og du må
ikkje tru nokon reiste seg for å tilby han plassen deira.
På toppen av det heile er det
deler av vognene som er forbeholdt barnevogner, bagasje +++. Der satt ei mor med
barnevogn og tok opp heile 3 seter og halve delen av bybanevogna?. Eg klarte ikkje
stå og sjå på lengre, og spurte så venneleg om ho kunne flytte vogna litt slik at han
eldre mannen kunne få sitte.
Eg kunne sjå i augene hans at han var takknemleg for
at nokon faktisk gidda å gjere noko for at han skulle få sitte. Andre rundt i vogna gav
meg og eit smil, men kva hjelper eit smil i ein slik samanheng? I slike tilfeller er det
handling som er viktig, og å vere medmenneskeleg og vise vanleg folkeskikk.

Det var jo både ungdommar og godt vaksne som satt på Bybana, men nærmast
inngangen satt det faktisk kun ei samling av godt vaksne. Kvifor reiste ingen av dei
seg for å tilby mannen plassen. Dette er ikkje noko som er eingangstilfelle. Fleire
gonger har eg sete innerst i tomannsseta, og reist meg for at folk som verkar å trenge
å sitje, skal få plassen min. Er det sånn at ein blir meir likegyldig mot å vere høfleg jo
eldre ein blir? Fokuserar me så mykje på at ungdommane skal vere høflege, slik at me
gløymer å leggje merke til alle dei andre rundt oss?

 Eg synes i vertfall at dagens vaksne (og ungdommar for den saks skuld) må ta seg i
nakken og slutte å tenke på berre seg sjølve. Tenk den dagen du sjølv står der med
stokken/krykkene, og ingen tilbyr deg nokon sitjeplass. Tenk deg at det plutseleg
rykker til i Bybana (eller bussen), og du ikkje klarar å holde deg på beina. Ja tenk deg
det du, så tenkjer du deg kanskje ein eller to gangar om før du vel å ikkje gi opp plassen
din for nokon som treng den meir enn deg.


 

My see through table:)

Fant endeleg eit bord som veeeeerkeleg falt i smak. Fant det på
facebook av alle plassar. Ei lagvenninne fra handballen hadde lagt
det ut for salg. Ei stykk lykkeleg Tingeling da ja. Vil du sjå funnet mitt?
Ja det vil du.... ikkje sant?:)

 


Nyyyyydeleg:)

Her med litt innhold:

Oppi eine skuffa:



Har så mange ringar, så fekk 4 stk flettakorger av mamma i forrige veke.
Dei kjøpte me på Søstrene Grene for 7,40 per stk:)

Sant det var fint? Ja sant det var? Eg viste de tykte det samme:)

Kos og klem fra meg:)

Outfit og litt dagens "shopping"

I dag var eg i byen og møte venninna mi:) (Nesten)
alltid når me møtes, så endar me opp på "Eat my muffin" for å
ta oss ein cupcake. Dei hadde ikkje favoritten vår i dag (gulrot),
så me prøvde noko nytt - gode dei og, men ingen slår gulrotcupcake.

Outfit i dag vart "Bumblebee" - eg er blitt veldig glad i den kjolen:)


Thumbs up for harry bilete i spegelen.... men sånn er det når ein har dårleg kamera
utan sjølvutløysar.


Søte øyredobbane (og søte øyre:P Eg trur dei har kameraskrekk -
derfor dei er raude)


Armband - det gule er gjenspegling fra bumblebee'n


Ring:) Og skrukkefingra:P

Det vart jo litt tid til shopping og, noko eg holdt i det billigaste laget;)

Først litt handling på Søstrene Greene:


Fire stk japanskinspirerte ark:) LOOOOVE them.

Og eit kjeeeempe søtt skrin som eg skal bruke til smykker o.l. som eg ikkje vil
henge opp på knaggane:


BUTTERFLYYYYYYYYY


Spegel inni og gitt:)

Så vart det litt handling på Panduro og:


Desse blir knallstilig til eit guttebursdagskort:)


Blomst som skal nyttast til ei julegave eg har byrja på:)

Alt kom på ca 110 kr.... Ikkje gale i heile tatt:)

Håpar alle har ei toppers helg - no skal eg krangle med meg sjølv om
eg skal fortsette på julegavelaging, eller om eg skal vere fornuftig
og lese til eksamen.

Kos og klem fra meg







Ommøblering på høgt plan

No har det seg ein gong slik at eg har hatt alle tinga mine
trykt inn på mitt lille soverom. I tillegg til mitt lille soverom,
så har eg jo ei stove til disposisjon også. Den skal egentlig
vere tilgjengeleg for alle, men sidan ingen av mine kollektivmedbuarar
har brukt ho sidan eg flytta inn (for 2 år sidan), så fant eg ut at
eg kan like godt bruke ho til noko godt. (Eg må låse stovedøra
for at ingen skal gå rett inn på mitt rom - forstå det den som kan.
Dei fleste forstår ikkje dette før dei ser det).

Såååå, i går tok eg meg den friheit å ommøblere og få system i alt.
Sjå på bileta, og ha i bakhåve at alt de no ser (med unntak av noko
få ting), befant seg inne på soverommet mitt:


Sengekroken min. Der ligger det ein stabel til venstre med ting eg MÅ byrja på
i dag. I midten ligger ein liten haug på noko eg ha LYST til å byrje på med ein gong.
Oppå puteområdet, sitter lille fine bamsen min, som passar på meg når
eg ikkje har nokon andre til å passe på:) På bordet står fine orkideen eg fekk
av søtaste Miriam. (Den leeeeve enda ser du;))


Kassen som står ved senga og fungerar som nattbord. Praktisk plass å ha printer:)
Der står også fine lyset eg fekk av ei venninne til bursdagen - som ho har
pynta sjølv med decoupage:)


Bak senga, inni veggen - er det eit stoooort skap - her har eg alle mine kjære
bøker - masse masse chickflicks og eventyr - og litt pensumbøker. Her har eg ca
halvparten av dvdane mine - og dei to nederste hyllene er scrapbooking stasj og
broderi:)


På motsatt side av senga, så er tvkroken min. Kommoden med alt det rare i,
spegelen som eg har pussa opp sjølv, ein kassetv, kombi-dvdspelar, bileter,
maleri laga av pappaen til ei venninne, resten av dvdane mine, og knaggane
med smykker på.


Smykkene mine - og litt fjærøyredobbar - som fortjenar å henge fritt, og ikkje
vere pakka ned i ein boks. Masse av dette er arva og resten er kjøpt over tid.


Her er da stova. (Nattbordet og kommoden på venstre side har stått her ei
stund - så det var ikkje pakka inn på soverommet med alle dei andre tinga).


På kommoden står dei tre fine lyktene mine, og eit collage med herlige augeblikk:)


Klesstativet mitt - vesker, jakker, skjørt og kjolar:) (Resten av kleda er inni
klesskapet med fe og sommarfuglar på - som eg har skreve om før)


Skohylle, med NESTEN alle skoa mine i.


Oppå skohylla finn ein mitt sjølvlaga stativ med armband på...


.....fine boksen med øyredobbar i....


...og enda ein fin boks med ringane mine i.

Da har de fått omvisning på rommet mitt - tenke seg til at alt (utanom den trekvite
kommoden og nattbordet) var pressa inn på soverommet. Er SÅ deilig å ha fått
litt meir plass å boltre seg på.

Håpar alle får ei fin fin helg - no skal eg lese litt til siste eksamenen, som er på torsdag:)

Kos og klem fra meg.











Les mer i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Februar 2012
hits